«There’s Something in the Barn» – O, jul med di gladvald

Noreg sin nyaste juleskrekk-komedie er ikkje den mest originale filmen du kjem til å sjå i år, men om du har noko som helst interesse for valdslystne fjøsnissar, skal du leite lenge etter eit betre alternativ.

Jenny Lund
Publisert

Skrekk og jul er kanskje ikkje ein assosiasjon som folk flest har, men juleskrekkfilmen har levd eit langt liv. Bob Clark skreiv seg inn i slasher-historia med Black Christmas (1974), og sidan har det vore laga fleire filmar som gjer den mest vidunderlege tida på året om til den blodigaste.

Sjølv Noreg har eit par av desse liggande, som O’Hellige Jul (2013) og Juleblod (2017).

manusforfattar Aleksander Kirkwood Brown og regissør Martin Martens gjekk i gang med There’s Something in the Barn, hadde dei derimot noko litt meir barnevennleg i tankane.

Resultatet er ein svært underhaldande, om ikkje heilt original, film for (nesten) heile familien.

 

There’s Something in the Barn

Nasjonalitet/språk: Noreg, engelsk

Regi: Magnus Martens

Noregspremiere: 10.11.2023

Aldersgrense: 12 år

Sjanger: Komedie, skrekk

Speletid: 1 time og 37 minutt

Ekspressbillett til tradisjonsstatus

Eg vaks opp i ein familie der eg aldri blei fortald om verken nissen i eintal eller nissar, då foreldra mine var langt meir begeistra for englar og eit visst bursdagsborn. Resultatet var at eg ikkje heilt forstod kor grensa mellom norsk folketru og kommersialisert katolisisme gjekk, og eg tenkte alltid at det var sankt Nicolas som sat på låven med sin julegraut.

Heilt sidan eg vart introdusert for dei mørkare sidene av fjøsnissen i norsk folketru, har eg tenkt at nokon burde lage ein skrekkfilm om dei, så det faktum at There’s Something in the Barn i det heile tatt finst, er ei stor glede for meg.

Det at han også er ein solid, underhaldande film? Vel, det er ein ekspressbillett til tradisjonsstatus, trass i at han ikkje er den djupaste eller mest originale.

Amerikanarar i Gudbrandsdalen

Etter at onkelen, på noko mystisk vis, fell ut av vindauget på låven sin og døyr, arvar nevøen Bill (Martin Starr) familiegarden.

Han er fødd og oppvaksen i USA og har aldri sett fot på norsk jord, men evig optimistisk tek han med seg sonen (Townes Bunner), dottera (Zoe Winther-Hansen) og den nye kona (Amrita Acharia) til den gamle garden i Gudbrandsdalen.

Ein dag oppdagar sonen Lucas noko uvanleg på låven: Ein fjøsnisse (Kiran Shah).

Så lenge familien held på tradisjonar og passar på heimen hans, hjelper fjøsnissen til på garden. Dessverre er planen til Bill å pusse opp låven for å leige han ut, og snart har amerikanarane langt meir mannevonde skapningar enn kleine nordmenn å gjere med.

Gremlins-inspirert

Det er ikkje noko revolusjonerande med karaktergalleriet i There’s Something in the Barn. Den eksentriske faren, sonen som alle trur berre har god fantasi, tenåringsjenta som saknar vener og stabilt internett, og stemora som ikkje er sikker på om borna likar ho. Ingen av dei er akkurat unike, men dei fungerer godt nok.

Handlinga er heller ikkje uhøyrd, spesielt i forhold til Gremlins (1984), som er ein veldig klar inspirasjon. Fjøsnissane elskar kaos, festing og vald, akkurat som gremlinane i 80-talsklassikaren, og reint utanom skapningane sjølv kunne ein lett ha forveksla fleire scenar.

Filmen har til og med eit sett reglar som ein må følgje for å ikkje gjere fjøsnissane sinte, som Lucas får av bygda sin lokale nisseekspert (Calle Hellevang Larsen).

Du kan nok gjette kor godt dei vert følgde.

Særeige norsk

Det er likevel noko unikt som There’s Something in the Barn har å by på, og det er det særeige norske. Visuelt sett er filmen ganske flott å sjå på, med nydelege, snødekte landskap og heimekoselege trehus, stader som så klart vert dekte i blod når ting går skeis.

Nissane ser også bra ut, med effektar som ser naturlege nok ut til at dei vekkjer noko truverd.

Eg var litt skeptisk til faktumet at alle hovudkarakterane er amerikanske i ein film som baserer seg på norsk folketru, men dette valet fungerer ganske godt. Mykje av humoren i filmen baserer seg på møtet mellom amerikansk og norsk kultur, både generelt og når det gjeld juletradisjonar.

Eg vil ikkje spolere kva det er som får begeret til å renne over for fjøsnissen, men grunnen er legendarisk.

Nokre av vitsane vert kanskje litt slitne mot slutten, etter eit par rundar med gjentaking, men i det heile er det ganske morosamt.