Ekstremvêr har ført til den dårlegaste vinproduksjonen på 60 år

Den samla vinproduksjonen i verda har ikkje vore lågare sidan 1961.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Ekstremvêr får skulda for at 2023 har vorte det dårlegaste året for vinproduksjonen i verda sidan 1961, ifølge den internasjonale vinorganisasjonen OIV.

Prognosane tilseier at den globale vinproduksjonen i år vil hamne på rundt 244,1 millionar hektoliter. Det er ein nedgang på sju prosent sidan fjoråret.

– Nok ein gong har ekstreme klimatilhøve, slik som tidleg frost, tung nedbør og tørke, betydeleg påverka produksjonen til verdas vingard, skriv OIV på nettsida si.

I Europa har Italia, Spania og Hellas hatt unormalt låg produksjon denne sesongen. Italia hadde ein reduksjon på 12 prosent, og mista tittelen som verdas største vinprodusent til Frankrike.

På den sørlege halvkula har Australia, Argentina, Chile, Sør-Afrika og Brasil vore hardt råka av dårleg vinvêr.

OIV påpeiker at ein lågare produksjon trass alt kan vere med på å skape balanse på verdsmarknaden, i ei tid då forbruket minkar og aksjeprisane er høge i mange regionar.

Forskaren Inaki Garcia de Cortazar-Atauri ved det nasjonale landbruksforskingsinstituttet i Frankrike er forsiktig med å konkludere med at klimaendringane har skulda, i eit intervju med The Guardian.

– Men ein kan observere at ekstremvêrhendingar kjem meir og meir hyppig, seier han. Han viser til at hetebølger og nedbørsperiodar kan forverre andre problem i produksjonen, som til dømes muggsopp.