Dvaleforskar ber folk la vere å kaste hamsteren
Folk kastar eller gravlegg stadig vekk hamsterar som faktisk lever og berre er i dvale, seier forskar ved UiT Noregs arktiske universitet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Han er kald, vi ser ikkje pulsen og ser heller ikkje at han pustar. Då er det ikkje rart vi tek feil nokre gonger, seier stipendiat og dvaleforskar Vebjørn Melum i ei pressemelding.
Hamsteren er eitt av mange dyr som går i dvale vinterstid. Då får han veldig låg kroppstemperatur, hjarterytme og pustar meir sjeldan. Hjartet går frå å slå 325 gonger i minuttet til berre elleve gonger, og hamsteren pustar plutseleg så lite som éin gong i minuttet.
– Men hamsteren er ikkje i dvale heile tida. Han vaknar jamleg for å ete og gå på do, seier Melum.
Kvar tredje til sjuande dag vaknar hamsteren, går på do, søv, et og drikk litt, og så går han inn i dvale igjen. Dersom hamsteren har lagt seg som ein samankrølla ball, er han truleg i dvale.
Melum føreslår at ein ser nøye på hamsteren i fem minutt, for å sjå om ein kan sjå innpust.
Ein kan også leggje sagflis på ryggen, eller berre løfte opp hamsteren og halde han i handa for å sjå om ho byrjar å vakne.