Woke. Kulturkrig, kansellering og identitetspolitikk snublar i keisame formuleringar og eit manglande fokus, men viss du ynskjer å forstå desse «woke»-greiene, er dette boka du skal lesa.

Magnus Rotevatn
Publisert

Omgrepet «woke» har dei siste åra snike seg inn i den offentlege samtalen og skapt full baluba. Som regel blir ordet brukt for å skildra ein slags trugsel mot ytringsfridomen, gjerne i form av ei overivrig venstreside.

Det blir til dømes hevda at visse utsegn – som kritikk av pride-rørsla eller antirasistar – blir «kansellerte». Men då er det jo lett å replisera at «kanselleringa» stort sett er legitime motytingar eller døme på at nokon ikkje vil spreia ei viss ytring vidare.

Woke. Kulturkrig, kansellering og identitetspolitikk

Forfattar: Lisa Esohel Knudsen

Forlag: Res Publica

Utgjeve: Oktober 2023

Sjanger: Sakprosa

Ytringsfridommen er vel ikkje ein fridom frå motargument?

At «woke» skal ha gjort kåra for ytringsfridommen dårlegare verkar vanskeleg å tru. Fjorårets ytringsfridomskommisjon tyder heller på at det meste står bra til: «Ytringsfridommen har svært gode vilkår i Noreg i dag».

«Woke» er nok eit ord som forvirrar meir enn det er nyttig.

Heldigvis har Lisa Esohel Knudsen tatt bryet på seg å gjennomføra ei sterkt etterlengta ryddesjau. Resultatet er pamfletten Woke. Kulturkrig, kansellering og identitetspolitikk.

Oppklarande

Dei fleste vil nok bli klokare av å lesa boka til Knudsen. Her er det mykje som vil vera oppklarande for ålmenta.

Forfattaren går grundig gjennom korleis ordet «woke» har endra meining. Opphaveleg handla det om å ikkje oversjå urettferd og rasisme. No er tydinga negativ, å vera «woke» er å vera overdriven lettkrenkt og radikal i verkemiddelbruken.

Konflikten om innhaldet i omgrepet gjer det lettare å sjå kvifor «woke»-debattane ofte er meiningslause.

At mykje ser annleis ut viss ein berre dykkar litt djupare enn dei fyrste overskriftene er eit viktig poeng i boka. Det blir tydeleg vist at mykje av det som «woke»-spøkelset blir kritisert for ikkje er så svart-kvitt som kritikarane skal ha det til.

Summa summarum, så skal Knudsen ha skryt for at argumenta hennar er klårtenkte og saklege.

 

Liknar ei skuleoppgåve

Det er vanskeleg å forstå kven boka eigentleg er skrive for. Ho er ikkje engasjerande nok til å kunna omvenda mange motstandarar. Heller ikkje meiningsfellar kan venta seg ein energiboost. Boka er ikkje smart og kvikk nok.

Kjensla av å lesa ei skuleoppgåve varar gjennom mesteparten av boka. Teksten er oppramsande og utan eit godt driv.

Neste gong bør forlaget bruka meir pengar på språkvask. Tunge setningar, gjentakande språkbruk og reine feil skjemmer teksten.

Ei anna veikskap er at kjeldetilfanget verkar å vera temmeleg tilfeldig – berre eit samanrask av ting som forfattaren har lest eller høyrd. Det er så utruleg synd, for då blir argumenta hennar lettare å avfeia.

Kunne vore ei betre bok

Eg skulle verkeleg ynskja at Woke. Kulturkrig, kansellering og identitetspolitikk var ei betre bok.

Den offentlege samtalen ville betra seg om tankane og argumenta til Lisa Esohel Knudsen hadde nådd fram. I debatt prega av tåkefyrstar er dei gjennomarbeidde resonnementa hennar særs kjærkomne.

Dessverre så snublar boka i keisame formuleringar og eit manglande fokus.

Men om du likevel ynskjer å forstå desse «woke»-greiene, så er dette boka du skal lesa.