Mogeleg rekord: Har «snapstreak» på 3097 dagar

Kjærasteparet har sendt snappar til kvarandre i omtrent åtte og eit halvt år.

Frida Tvedte Matre
Publisert
Oppdatert 31.10.2023 10:10

Merknad: Etter at Framtida.no publiserte denne saka fekk me biletbevis på ein på «snapstreak» 3136 per 30. oktober 2023. 

I byrjinga av oktober skreiv VG om to veninner som mogelegvis hadde verdsrekord i «snapstreaks», med 3006 dagar på dåverande tidspunkt.

Førre veke melde Os og Fusaposten om eit lokalt kjærastepar som kunne avkrefte denne rekorden.

Emilie Askvik Bøe og Endre Nordtvedt (24) har nemleg sendt snappar att og fram til kvarandre kvar dag i over åtte år og fem månadar. I dag utgjer det ein «snapstreak» på 3097 dagar.

24-åringane frå Os har ikkje fundert så mykje på om dei har hatt rekorden før. Dei vil heller ikkje no påstå at dei har nokon rekord, men synest likevel at det var litt kult å sjå at dei hadde meir enn dei to veninnene som blei intervjua i VG.

– Me tenkjer eigentleg ikkje så mykje på det, men syntest det var litt gøy då VG laga ei sak på høgast tal på «streaks» i Noreg, og me såg at me hadde ein del fleire dagar, skriv Bøe i ei melding til Framtida.no.

Kva er ein «snapstreak»?

Ein «snapstreak» blir til når to vener sender minst éin snap til kvarandre i løpet av 24 timar på meldingstenesta Snapchat. Dersom dei gjer dette i meir enn tre dagar på rad, blir «streaken» markert med ein flamme-emoji i appen, og talet på dagar den har vara.

«Streak» blei innført i appen i 2015.

 

Informasjon om "streaks" på Snapchat

Tysdag 24. oktober viste «streak»-informasjonen mellom kjærasteparet 3093 dagar.

Skjer av seg sjølv

Snapchat innførte «streak»-funksjonen i april 2015, og Bøe forklarar at deira «streak» starta automatisk etter dette. Dersom dei reknar tilbake til presis dato, starta han allereie månaden etter, 6. mai 2015.

– Sidan det har me halde det gåande.

Ho fortel at mykje av den daglege kommunikasjonen deira skjer gjennom snap, og at dei difor ikkje går aktivt inn for å behalde «streak»-en.

– Det skjer nok litt av seg sjølv. Me er ikkje så veldig bevisste på å sende snaps til faste tider, det berre skjer.

Har halde på å miste han

Ho forsikrar om at dei aldri har betalt for å behalde «streak»-en, og at dei difor ikkje har mista han i løpet av dei snart åtte og eitt halvt åra. Men dei har vore i nærleiken.

– Då blei det litt småleg panikk, då det berre har blitt «ei greie» å halde «streak»-en. Det er jo sjølvsagt andre ting som er viktigare enn å halde ein «snapstreak», men me synest jo det er ei litt morosam greie å halde han når vi har såpass mange dagar, eller år, legg ho til.