Avlyser stor halloween-feiring i Tokyo
Ordføraren i distriktet oppfordrar publikum til å halde seg vekke.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Shibuya-området i Tokyo er kjent for å ha ei av verdas mest populære halloween-feiringar. Kvart år kler titusenvis av lokale og tilreisande turistar seg ut for å gå rundt i gatene.
Ifølgje Tokyo Cheapo er årets arrangement avlyst like før hovuddagen.
– Me vil gjere det klart for verda at Shibuya ikkje er ein stad for halloween-arrangement, seier ordføraren for området, Ken Hasebe, til Foreign Correspondents Club av Japan. Det skriv CBS News.
Avisa melder også at all offentleg drikking av alkohol vil vere forbode i Shibuya frå 27. oktober til etter sjølve halloween-kvelden 31. oktober. I tillegg er butikkane som ligg i området frårådd å selje alkohol til besøkjande.
Fryktar kaos i gatene
Avlysinga kjem fordi myndigheitene i distriktet fryktar store folkemengder under feiringa. CBS News melder at det var rundt 40 000 festglade menneske i området under halloween-feiringa i 2019. Etter fleire år med koronarestriksjonar er det i år venta at opp mot 60 000 menneske skal samle seg i Shibuyas gater.
Difor har myndigheitene i distriktet starta kampanjen «Don’t visit», der dei oppfordrar folk til å halde seg vekke.
– Ver så snill å ikkje kom til Shibuya stasjon under halloween, har Hesebe uttala.
Har sett inn resursar
Shibuya-distriktet er eitt av Tokyos travlaste krysningspunkt. Myndigheitene er difor redde for at det skal oppstå utrygge situasjonar dersom store folkemengder samlar seg i små gater og rundt Shibuya jernbanestasjon.
Det er spesielt knytt bekymring til årets feiring grunna tragedien som skjedde under ei halloween-feiring i Sør-Koreas hovudstad førre året. Då oppstod det kaos under eit liknande arrangement, og over 150 menneske mista livet.
For å hindre at folk nærmar seg området i dagane fram mot feiringa, er det tilsett rundt 300 sikkerheitsvakter, og sett inn 150 bytenestemenn og ei rekkje politibetjentar, skriv CBS News.