Pengar frå TV-aksjonen går til Gaza likevel
Redd Barna, som stod for TV-aksjonen i helga, har fått innvilga ein søknad til Innsamlingsrådet i NRK om å leggje til Gaza som mottakar av pengane frå aksjonen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I tillegg vil organisasjonen vurdere om det er behov for å bruke noko av midlane i Israel, skriv Redd Barna i ei pressemelding.
– Vi er overvelda over det fantastiske resultatet, som var over forventning då vi gjekk ut av tv-sendinga på søndag. Dermed kunne vi søkje Innsamlingsrådet i NRK om å leggje til Gaza, og dessutan Vestbreidda og Israel ved behov, i tillegg til dei andre landa som får pengar frå TV-aksjonen i år, seier generalsekretær Birgitte Lange i Redd Barna.
Det vart samla inn 273,7 millionar kroner under TV-aksjonen i år, som er ny rekord. Ettersom innsamlinga vart så stor, vil ikkje pengane som skal til Gaza, gå utover dei andre landa som opphavleg stod som mottakar.
TV-aksjonen i år gjekk til Redd Barnas arbeid for barn som blir ramma av krig og konflikt. Pengane skulle opphavleg fordelast mellom prosjekt i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, DR Kongo og Noreg – og no også i Gaza.