Gaute M. Sortland briljerer med sine vakre og treffande skildringar, skriv Heidi Berakvam.

Heidi Berakvam
Publisert

Gaute M. Sortlands nye novellesamling, Sanne historier, handlar om menneske på veg. Nokon er faktisk på veg til ein plass, medan andre navigerer seg gjennom ein ny livsfase.

Det er i alt ni noveller, som tar opp til dømes kjærleikssorg, depresjon og ein tur på bussen, gjerne med eit humoristisk sideblikk.

Sanne historier

  • Forfattar: Gaute M. Sortland
  • Forlag: Samlaget
  • Utgjevingsår: 2023
  • Sidetal: 113

 

Fleinsopp

Ein gjengangar er karakterar som stoppar opp og ser på verda og livet med nye auge. Og her briljerer Sortland med sine vakre og treffande skildringar.

I Silkeskjerfet skal Terje kjøpa sko som står i stil med det nye skjerfet, men skoseljaren Arnold er vekke. Han finn Arnold i djup melankoli fordi han synest så synd på menneska som kvar dag går forbi butikkvindauget.

Midt i kjem novella Skyene på himmelen. Ho byrjar slik fleire av novellene gjer, med ein kvardagsleg situasjon.

Far i huset er ute og rakar lauv når den tilflytta naboen kjem bortom for å helsa god føremiddag, sjølv om klokka berre er ni. «Ein skulle ikkje tru det når ein såg naboen. At han var slik». Naboen meiner avgjort at han bør la lauvet ligge over blomsterlaukane som nyleg blei planta, så dei ikkje frys i hel i vinter. Etter å ha peikt ut noko fleinsopp som veks på plenen tar han turen vidare.

Når kona kjem ut og er i dårleg humør kjem vendepunktet. I sinne over at det nok ein gong er ho som må gjera dei keisame oppgåvene i heimen, grip ho tak i nokre fleinsopp og stappar det i kjeften før ho går seg ein tur. Mannen et ein sopp sjølv, og rusen gir han eit nytt blikk på skyene og omgivnadane. Forteljinga beveger seg i ei absurd retning, men klarar på humoristisk vis å treffa noko i oss.

Vekslande humor og perspektiv

Det kunne vore ein styrke for romanen om humoren og absurditetane var meir gjennomgåande i forteljingane.

Første novelle handlar om eit ektepar, med eit fint, langt liv bak seg, som no er på veg til sjukehuset fordi kona har blitt gløymsken. Novella er absolutt ei sterk forteljing, med vakre observasjonar, men ho kjennest fråskilt og svinn vekk samanstilt med resten.

Noko anna som gjer at novellene kjennest litt oppstykka er at dei er skrive med ulike perspektiv. Brorparten har ein allvitande tredjeperson, men så dukkar det opp ein første- og til og med ein andrepersonsforteljar i nokre av novellene.

Tittelen spelar på dei meir absurde novellene, som ender på så dramatisk vis. Like fullt handlar det om sanne historier, om oss sjølve eller nokon me kjenner, som opplever noko dei fleste har kjent på: Å mista interessa for livet kring deg, ein ektefelle som blir ramma av sjukdom eller å laga pizza til familien ein laurdagskveld. Dei blir trefte av vendepunkt, før, i eller etter novella, som opnar auga for verda.

Med få ord seier Sortland mykje, om oss og om livet.