Instagram beklagar:

Palestinske brukarar fekk ordet «terrorist» i profilen

Selskapet forklarar at det har vore ein feil med den automatiske omsetjinga.

Frida Tvedte Matre
Publisert

Den britiske avisa The Guardian skriv fredag morgon at Instagram og eigarselskapet Meta har bedd om unnskyldning etter at ordet «terrorist» dukka opp på profilen til somme palestinske Instagram-brukarar tidlegare denne veka.

Det var nettsida 404 Media som først meldte om saka.

Problemet skal ha råka brukarar som har det engelske ordet «Palestinian», ein emoji av det palestinske flagget og ordet «alhamdulillah» på arabisk i biografien på profilen sin. Det sistnemnde ordet tyder «Lova vere Gud», men ved automatisk omsetjing til engelsk vart setninga «Praise be to god, Palestinian terrorists are fighting for their freedom». 

Meiner det var feil i auto-omsetjinga

The Guardian viser til ein TikTok-brukar, @YtKingKhan, som i byrjinga av veka la ut ein video der han trekker fram den ukorrekte omsetjinga. Videoen har over 270 000 visningar, og ifølgje avisa skal Instagram ha løyst problemet etter denne videoen. No blir setninga omsett til «Thank God».

 

@ytkingkhan Meta definitely needs to address this (though I couldnt find an official TikTok account for them) #palestine #arab #desi #muslim ♬ original sound – Khan Man

Meta seier at årsaka skyldast ein feil i auto-omsetjinga.

– Me løyste eit problem som på kort tid forårsaka upassande arabiske omsetjingar i nokre av produkta våre. Me beklagar på det sterkaste at dette skjedde, skal ein talsperson frå Meta ha sagt til The Guardian Australia.

Avisa skriv også at Meta har blitt skulda for å sensurere innlegg og skjule kontoar som støttar Palestina på plattformene sine sidan konflikten mellom Israel og Hamas blussa opp. Dette har Meta seinare avvist i eit blogginnlegg på deira nyheitsrom.