Australia stemte «nei» til å inkludere urfolk i grunnlova

60 prosent av dei som stemte vil ikkje ha ei eiga forsamling for urfolk.

Åshild Slåen
Publisert

Urfolk blir ikkje inkludert i Australia si grunnlov i denne omgangen. Det er klart etter at 60 prosent stemte «Nei» til grunnlovsforslaget som ville starta prosessen for å etablere ei eiga urfolksforsamling som ville vore eit rådgjevande organ for dei australske styresmaktene.

«Ja»-sida fekk berre fleirtal i éin region: Australian Capital Territory (ACT), altså i området med og rundt hovudstaden Canberra.

Når du gjer vanskelege ting, når du siktar høgt, kjem du nokre gonger til kort, sa statsminister Anthony Albanese på ein pressekonferanse etter at resultatet var klart.

Forslaget var ei av hovudsakene som Albanese har fronta som statsminister, og dei siste vekene har han vore tydeleg i kampanjen sin for «ja»-sida.

Det var likevel uklart korleis eit slikt rådgjevande organ ville fungert dersom «ja»-sida hadde vunne.

– Det er nokre aboriginar som vil føle seg såra, fordi dei la fram denne ideen som vart avvist, men han vart avvist av gode grunnar.

Det seier Nyunggai Warren Mundine, som var ein del av «nei»-kampanjen, til BBC etter avstemminga. Han vektlegg at alle australiarar er likeverdige, og at det er det som har vunne fram i valet.

Likevel blir det truleg eit lengre etterspel frå resultatet. Den Abbot-leia arbeidarpartiregjeringa har fått kritikk for å fokusere for mykje på folkeavstemminga medan mange i Australia slit med levekostnadar. Samstundes er fleire urfolksleiarar opptekne av kva slags forsoningsarbeid som kjem til å bli gjort no som grunnlovsforslaget har falle.