Australia skal stemme over å anerkjenne urfolk i grunnlova
Nyleg vitja den australske ambassadøren Sametinget. I ei folkeavstemming 14. oktober skal borgarane stemme over urfolk si stemme inn i politikken.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi veit at når dei som tek avgjerder høyrer på stemmene våre, ender vi opp med lover som hjelper oss, i staden for å skade oss, og pengar blir brukt på ein god måte.
Det seier Sammy Wilson, delegat ved Central Land Council som representerer aboriginske folk i nordlege Australia til National Indigenous Times.
Laurdag 14. oktober går australske borgarar til stemmeurna for ei heilt spesiell folkeavstemming. Dei skal bestemme om australske urfolk skal anerkjennast i grunnlova.
I Australia er det to urfolk: Torres Strait øyfolket, som tradisjonelt har budd på øyene nord for det australske fastlandet opp mot Papa Ny-Guinea, og aboriginar. Begge desse har historisk blitt diskriminert, og som ein konsekvens har og kulturen og språket deira blitt marginalisert.
I dag er den forventa levealderen til australske urfolk i snitt åtte år lågare enn australiarar som ikkje er urfolk, dei har fleire arbeidsledige og fleire som lever i fattigdom.
Forslaget som skal stemmast over har som mål å løfte opp stemmene til urfolk. Kva som vil skje i praksis dersom forslaget går gjennom, er vanskelegare å seie.
– «The Voice» er vårt beste håp i ein generasjon å få snudd om på liva våre, understrekar Matthew Palmer, også frå Central Land Council.
Eit eige representativt organ
Dette er spørsmålet veljarar kan stemme ja eller nei til:
«A Proposed Law: to alter the Constitution to recognise the First Peoples of Australia by establishing an Aboriginal and Torres Strait Islander Voice. Do you approve this proposed alteration?»
Den føreslåtte grunnlovsendringa er altså å opprette ei Voice to parliament, som kan representere urfolka i landet og vere ei stemme inn til den australske stat og politikk.
– Forslaget går ut på at urfolka blir anerkjent i grunnlova, og får ei stemme inn til parlament og regjering, men vi veit ikkje korleis dette blir utforma, og korleis det vil bli.
Det seier Jon Petter Gintal, seksjonssjef for internasjonale spørsmål ved Sametinget. Dei har nettopp hatt besøk av den australske ambassadøren Kerin Ayyalaraju, og folkeavstemminga var eit tema som fleire på Sametinget var interessert i.
– Det er ikkje uvanleg at vi får diplomatiske besøk, og vi deler sjølvsagt korleis Sametinget og vårt system fungerer her i Noreg, utan at vi kan seie noko om korleis urfolk i andre deler av verda skal gjere ting, fortel Gintal.
Underoverskrift
Sjølv om forslaget blir vedteke, vil ikkje eit slik representativt organ for urfolk ha direkte lovgivande makt, det vil framleis ligge hjå det australske parlamentet. Om dette blir ei ordning som liknar det Noreg har med Sametinget, eller noko heilt anna blir vanskeleg å seie før det blir utvikla.
Og om forslaget i det heile kjem til å gå gjennom er også veldig usikkert.
Forslaget
- Vart formelt godkjent i 2017 av urfolksleiarar, men avvist av den dåverande australske regjeringa
- Folkeavstemminga over forslaget vart fremja av den nye regjeringa i mars 2023, med statsminister Anthony Albanese frå det australske arbeidarpartiet i spissen
- Avstemminga skal vere 14. oktober 2023
- For å vedta ei grunnlovsendring gjennom folkeavstemming må meir enn halvparten av stemmene seie «Ja», og minst fire av dei seks australske delstatane må ha fleirtal for forslaget
- Dette er teksten dei skal stemme over: «A Proposed Law: to alter the Constitution to recognise the First Peoples of Australia by establishing an Aboriginal and Torres Strait Islander Voice. Do you approve this proposed alteration?»
To meiningsmålingar frå september viser at støtta til forslaget er svekka:
Nei-sida får mellom 50 og 56 prosent oppslutning, medan ja-sida ligg på mellom 33 og 36 prosent.
Dei siste meiningsmålingane viser også at det står dårleg til for ja-sida. På det meste har dei berre 34 prosent av stemmene.
Avstemminga er 14. oktober, og som med andre australske val er det obligatorisk for borgarar å stemme.
Gintal håpar at urfolk i Australia får betra rettane sine i tråd med FNs erklæring om urfolks rettar.
– Vi er spente på resultatet og håpar uansett at det blir ei god løysing, seier han.