Thon ville gjerna invitert Bjørn Hatterud på middag.

Janne Nerheim
Publisert

– Eg blir vel oftast fenga av romanar med relasjonelle utfordringar i framsetet. Anten det er for barn eller vaksne. Historiske romanar, krim og fantasy er eg ikkje så ofte borti. Men gi meg gjerne litt magisk realisme og dystopi altså. 

Det skriv barnebokforfattar og NRK Super-profil Ingunn Thon i ein e-post til Framtida.no.

I 2017 debuterte ho med barneboka Ollis og i år kom andreboka Full Bajas.

Me har teke ein kikk i bokhylla til den leikne forfattaren:

Ingunn Thon

Alder: 36

Frå: Ål i Hallingdal 

Utdanning: Tekstforfattar

Yrke: Forfattar (bøker, radio, TV) og dokkespelar

– Kor mykje les du sjølv? 

– 3-5 i året kanskje? Eg likar å bruke tid når eg les. Vera lenge i universet, ta meg tid til å tenkje og få historia under huda.

– Kor les du?

– I senga før eg sovnar. Av og til i stova på kveldstid, i staden for å sjå TV. Då føler eg meg altså så sunn.

– Akkurat no er det Mine venner av Monica Isakstuen, som ligg på nattbordet. Neste på lista er barneboka Jenny Fender av Heidi Marie Vestrheim.

Vildanden på vidaregåande

– Kva bøker vart lesen til deg som liten?

– Mamma las for oss kvar einaste kveld. Astrid Lindgren, Anne Cath. Vestly, Ole Lund Kirkegaard, Roald Dahl. Alt som er fint og artig. Og så var det fast at Wenche, kjærasten til far min, las Prøysen då me var hjå dei.

– Kva meiner du gjer ei bok god?

– Oi. Vanskeleg spørsmål. Men eg elskar dei bøkene som får meg til å tenkje på dei lenge etter eg er ferdig. Dei bøkene som trøyster meg, eller arresterer meg, eller gir meg mogelegheit til å sjå meg sjølv eller andre i nytt lys.

– Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– Akkurat no skulle eg ynskje eg hadde skrivi alt av Hedvig Montgomery, og at det betydde at eg hadde full kontroll på alle småbarnssituasjonar i heimen.

Story of This Life work space kids home GIF

– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Eg veit ikkje om ho er undervurdert, men får Kari Anne Bye nok merksemd? Ho burde få all merksemd, spør du meg. For å vera innsiktsfull og skarp og veldig morosam. Og om ein ikkje har høyrt ho lese frå eigne bøker, burde ein sørge for å oppleve det. For det er, om mogeleg, endå betre enn å lesa sjølv.

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Brutal oppgåve, men ok. Eg vel Helga Flatland. Så kunne eg både blitt underholdt og holdt empatien-formen ved like. Eg blir alltid litt meir empatisk etter å ha lese Helga Flatland.

– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Det gjekk nesten berre i Harry Potter i mine tenår, og det gjorde absolutt inntrykk. Men eg hugsar også at me las Vildanden i 1. klasse på vgs., og då sa det klikk. Plutseleg skjønte eg kva stykket ville fortelje meg. Det var ei vill oppleving. Spesielt vilt syns eg det var at det resonnerte i meg når det var skrive for over hundre år sidan.

Flying Harry Potter GIF by The Story Room

Hatterud på middag

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Bjørn Hatterud! Lett. Tenk å kunne stille oppfølgingsspørsmål til alle scenene frå livet hass, dei me liksom berre får gløtte på i bøkene.

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Kanskje fordi eg er så inni den, men eg kjenner meg jamt og trutt att i karakterane i Mine venner. Føler meg altså så sett. På godt og vondt. Ein slags pendel mellom skam og trøyst kan du seie.

Nure og Eili Harboe

– Kva av bøkene dine ville du sett filmatisert?

– Og kven spelar hovudrolla? Åh, tenk det! Er det lov å seie både Ollis og Full Bajas? Eg måtte vel funne to splitter nye, glitrande barneskodespelarar. Eller spolt tilbake i tid og fått Sebastian Warholm 11 år (Nure frå Linus i svingen) og Eili Harboe 10 år som Ollis.

Sebastian Warholm var ein sjåarfavoritt i rolla som Nure i NRK-serien "Linus i svingen". Foto: Ole Kaland/NRK