Eirik S. Røkkum byr på ein lesefest, men har ikkje funne oppskriften på klimadikt.

Magnus Rotevatn
Publisert

Ja vel, kva skal ein seia? Det er eigentleg ikkje vanskeleg å lata seg imponera av Eirik S. Røkkum og diktsamlinga hans Grisens år. Boka gjer det tydeleg at Røkkum høyrer til dei beste og mest interessante lyrikarane i Noreg.

Verket er smidig utført. Grisens år boblar rett og slett over av skaparkraft.

Når det no er sagt, så er det heller ikkje til å koma bort frå at denne diktsamlinga har nokre openberre veikskapar.

Grisens år

  • Forfattar: Eirik S. Røkkum
  • Forlag: Flamme Forlag
  • Sider: 160
  • Utgjeve: Oktober 2023
  • Sjanger: Lyrikk

Ein lesefest

Grisens år er sett saman av fem dikt – alle på omlag 20 til 30 sider – som har det til felles at dei skildrar ei nær og vemmeleg framtid. Her kjem dei mest absurde og ufyselege sidene til menneskja til syne, som til dømes kannibalisme.

Sjølv om motiva i dikta er iaugefallande og heilt sikkert kunna glidd inn på framsida av Dagbladet, så er me milevis unna lågkulturen.

Røkkum er ikkje redd for å slengja inn gloser frå både latin og hindi. Og det blir lånt og parafrasert frå mellom anna Friedrich Höderlin, Aleksandr Solzhenitsyn og Nils Collett Vogt. Ikkje akkurat popkulturelle ikon.

Dette er smal og vanskeleg litteratur. Men akk, så utruleg gøy! Ein lesefest!



Banale klimadikt

Grisens år blir presentert som eit klimalangdikt. Dessverre så held ikkje boka mål som klimalitteratur. I dette ljoset blir ho for banal og enkel.

Røkkum klarar ikkje å seia noko interessant om kva me bør frykta av framtida, universet hans er for absurd og overdrive til å gjera inntrykk. Det er heller ikkje teikn til sorg over det som går tapt eller eit ynskje om opprør og handling.

Viss me er godsinna så er det mogleg å medgje at det glimtvis blir formidla noko forvitneleg om sjølve klimarørsla, til dømes i desse linjene:

“Slike gærninger, kan du skjønne

gir selvmordsbombing garantert gevinst

for uansett hva som skjer, blir minst ett menneske utradert og kloden et litt mer bærekraftig sted”

Den klimalitteraturen som me treng må gje oss noko meir. I dette dømet undrar eg kva poenget er. Ein gimmick? Eit salstriks frå forlaget?

Ikkje vanskeleg å gleda seg over

Litteraturen bør av og til få lov til å berre vera litteratur på sine eigne premiss.

Det vil i så fall ikkje vera vanskeleg å gleda seg over Grisens år. Ei glimrande bok!