Medietilsynet gjev 41 millionar i støtte til samiske aviser

Støtta blir fordelt mellom fire aviser som har den samiske befolkninga i Noreg som målgruppe.

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert
Oppdatert 23.10.2023 13:10

Brorparten av støtta dår til to dagsaviser: den samiskspråklege Ávvir og norskspråklege Ságat, melder NTB. Dei to får produksjonsstønad på høvesvis 22,1 millionar og 17,2 millionar kroner.

– Nøgd med tilskota

Redaktør i Ságat, Geir Wulff fortel at tilskotet gjev avisa ei auke på eit par hundre tusen kroner, samanlikna med tidlegare år.

– Me er veldig nøgd med tilskota som no kjem frå Medietilsynet, dei sørger for at me kan halda fram med produksjonen vår, seier Wulff.

– Me er spesielt glade for at tilskota kjem så tidleg som dei gjer no, i tidlegare år har ikkje fordelinga av midlane vore klar før eit stykke uti desember. At fordelinga no er klar betyr at me har meir føreseielegheit og kan betre planleggja det kommande året, fortel redaktøren.

Sjefsredaktør Geir Wulff i Ságat. | Foto: Ságat

Støtteordninga skal legga til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet.

Aviser med samiske sider

– Støtta bidreg til å gjera dei samiske skriftspråka meir synlege, seier avdelingsdirektør i Medietilsynet, Hanne Sekkelsten i ei pressemelding.

To andre aviser får pengar frå denne potten, dei får støtta for å produsera avissider på samiske språk. Altså ikkje heile aviser på samisk, men enkeltsider i ei avis som elles bruker norsk.

Snåsningen, som produserer avissider på sørsamisk får 731 929 kroner og NordSalten Avis, som lagar innhald på lulesamisk får 914 911 kroner.

NordSalten Avis hadde opphaveleg òg søkt om tilskot til å produsere eigne aviser på samisk, men fekk avslag på søknaden. Avslaget kom etter ei vurdering av hovudmålgruppa, der Medietilsynet konkluderte med at NordSalten ikkje har den samiske befolkninga som hovudmålgruppe.

Avdelingsdirektør i Medietilsynet Hanne Sekkelsten | Foto: Medietilsynet / Mathias Fossum via Flickr