Jon Fosse-verk har vorte brukt i KI-trening
Verk av fleire nobelprisvinnande forfattarar, også Jon Fosse, har utan løyve vorte brukt til opptrening av kunstig intelligens (KI), ifølgje Sveriges Radio.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er programmet Kulturnytt i Sveriges Radio som har gjort ei kartlegging. Den er basert på ein database utarbeidd av det amerikanske tidsskriftet The Atlantic.
Tidlegare har tidsskriftet avslørt at verka er brukte ulovleg i trening av mellom anna Metas KI-verktøy.
Av databasen kjem det fram at det er Fosse-boka «Det er Ales» som er brukt i opptreninga.
– Vi synest dette rett og slett er tjuveri. Det er å bruke opphavsrettsbeskytta materiale utan løyve, seier leiar i Forfatterforeningen Brynjulf Jung Tjønn i til Kulturnytt.
Av Noregs fire nobelprisvinnarar i litteratur er det tilsynelatande berre Bjørnstjerne Bjørnsons verk som ikkje er brukte i opptreninga. Ei rekkje bøker av Sigrid Undset og Knut Hamsun er registrerte.
Også ei rekkje andre norske forfattarar har vorte brukte i opptreninga, blant dei Dag Solstad, Åsne Seierstad, Per Petterson og Vigdis Hjorth.