BlackBerry – Ukomfortabelt, morosamt og overraskande nervepirrande

BlackBerry er tidvis ei suksesshistorie, men aldri eit glansbilete om mennene bak verdas første smarttelefon. Den mest underhaldande historietimen eg har vore med på, skriv meldar Jenny Lund.

Jenny Lund
Publisert

Me ser ut til å leve i produktfilmen sin tidsalder. Berre i år har me blitt presentert med filmar som Air, om dei ikoniske Air Jordan-skoa, den sjølvforklarande Tetris og Apple-originalen The Beanie Bubble, om galskapen rundt Beanie Baby-kosebamsar på 90-talet.

Sjølv sommarsuksessen Barbie, som i all hovudsak er ein fiksjonsfilm, rører med produktet si historie.

Les fleire meldingar her!

BlackBerry

  • Nasjonalitet/språk: Canada, engelsk
  • Regi: Matt Johnson
  • Noregspremiere: 13. oktober 2023
  • Aldersgrense: 9 år
  • Sjanger: Komedie, drama, biografi
  • Speletid: 2 timar

 

Smarttelefonkappløpet

No kjem også BlackBerry, forteljinga om den første smarttelefonen og mennene bak han, på kino i Noreg.

Er han verd turen? Har du allereie sett terningkastet veit du nok kva eg vil svare, men les vidare om du vil vite kvifor!

1996, Waterloo, Canada. Mike Lazaridis (Jay Baruchel) og Doug Fregin (Matt Johnson) er grunnleggarane av teknologiselskapet Research in Motion, klare til å presentere deira nyaste prosjekt – ein revolusjonerande ny mobiltelefon.

Dessverre slit dei med å få investorar på kroken, og det viser seg at også ein tidlegare avtale dei hadde med eit anna firma er gått i vasken.

På randa av kollaps vert den sleipe investoren Jim Ballsillie (Glenn Howerton) redninga, men då det viser seg at eit anna firma jobbar på eit liknande produkt, vert det eit kappløp mot tida for å få deira mobil ferdig først.

Stilig biografi

Eg har sett mykje god film i år, men eg trur dette må vere ei av dei største positive overraskingane.

For meg har biografiske filmar alltid vore litt blanda drops: Det finst mange gode der ute, men også ein del som reduserer ekte personar til tropar og perfekte heltar. Dette er heldigvis ikkje ein av dei.

Skodespelet er råsterkt, klippinga og musikkbruken er stilig, og filmen ser rett og slett bra ut.

BlackBerry er tidvis ei suksesshistorie, men aldri eit glansbilete. Så godt som heile handlinga finn stad innanfor firmaet sine dører. Eller på veg til, eller på, meir eller mindre lovlege businessmøte. Likevel vert det aldri kjedeleg.

Konfliktfokus

Åra på toppen, då selskapet BlackBerry var ein brakande suksess, vert hoppa over. Her er det konfliktane som utgjer kjernen, ikkje berre av handlinga, men også humoren.

Dialogen er konstant skarp og morosam, samtidig som han gir eit godt innblikk i karakterane og korleis dei endrar seg gjennom handlinga.

Regissør og medmanusforfattar Matt Johnson, som også speler Doug i filmen, fekk først merksemd for den konfronterande og bekmørke dramakomedien The Dirties (2013).

Sjølv om tematikken i BlackBerry er langt frå så mørk som den Johnson handterte i debuten, viser han igjen ei tydeleg interesse for dynamiske, trøblete karakterar og dei utfordrande banda mellom dei.

Trekantdrama

Mike er direktøren i firmaet, eit eksepsjonelt talent som har vore hylla som eit teknologisk geni frå ung alder, men slit med å hevde viljen sin over andre og lét seg lett trakka på.

Doug er ein heilhjarta nerd som også kan yrket sitt, men har sterke kjensler om at jobben først og fremst må vere gøy.

Når så Jim, ein hardfør forretningsmann som har lite til overs for både loven og andre sine kjensler og meiningar, kjem inn som meddirektør, vert BlackBerry eit slags anormalt trekantdrama. Det er ukomfortabelt, morosamt og overraskande nervepirrande å sjå korleis dei tre mennene handterer kvarandre, spesielt ettersom firmaet veks og fleire aktørar vert involvert.

BlackBerry går glatt og naturleg over frå å vere ein kontorkomedie til ein forretningsthriller, som framleis er ganske morosam. Det mest imponerande er at han er like god på begge.

Naturleg fiksjon

Sjølv om filmen, som det første han gjer, innrømmer at han er ei fiksjonalisering av ekte hendingar, kjennest karakterane ekte ut.

For meg, som så vidt hadde høyrt om BlackBerry-telefonen før, er han også den mest underhaldande historietimen eg har vore med på.


Meldarsatsinga er ein del av prosjektet «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.