Komedie, skrekk eller romantikk? Her er seks filmar til skulestart

Jenny Lund
Publisert

Matilda (1996)

Frå dagen ho vert født har Matilda (Mara Wilson) følt seg annleis. Forelda og storebroren kunne ikkje brydd seg mindre om ho, til det punktet der dei ikkje ein gang kan huske kor gammal ho er. Hadde dei brydd seg meir, hadde dei kanskje lagt merke til dei uvanlege evna ho har – evna til å påverke ting ved bruk av tankane aleine. Då Matilda endeleg får begynne på skulen er ho overlykkeleg, men lykka har ein bismak: Skolen er leda med jernhand av den vondskapsfulle rektoren Trunchbull (Pam Ferris), som er mykje gladare i å straffe borna enn å lære dei noko som helst. Heldigvis har ho den godhjarta læraren frøken Honey (Embeth Davidtz) ved si side, og med bruk av evna si og godt vett kjempar Matilda mot Trunchbull sitt tyranni.

Dette må vere noko av det mest sjarmerande eg har sett på lenge, ein sprudlande kombinasjon av energisk skodespel og eit kreativt visuelt uttrykk. Sjølv dei utdaterte greenscreen-effektane bidrar til sjarmen! Med regi av Danny DeVito, som også spelar faren til Matilda, er dette ein solid og svært underhaldande tolking av Roald Dahl sin klassiske barnebok. I 2022 vert Matilda filmatisert igjen, denne gongen basert på Broadway-musikalen.

Filmen kan strøymast på Netflix eller leigast/kjøpast på Apple TV, TV2 Play, Blockbuster, Rakuten TV, Viaplay, Google Play eller SF Anytime. 

Aldersgrense: 7 år
Regi: Danny DeVito

10 Ting Jeg Hater Ved Deg (1999)

Cameron (Joseph Gordon-Levitt) har så vidt sett beina innafor den nye skulen han har begynt på før han fell for den populære og vakre Bianca (Larisa Oleynik). Dessverre er ho ikkje tilgjengeleg, sjølv om ho hadde vore interessert i han, takka vere den overbeskyttande far hennar. Han har komme med eit ultimatum: Bianca kan få seg kjærast, men ikkje før systera Kat (Julia Stiles) gjer det. Problemet? Kat kunne ikkje vore mindre interessert i å finne seg ein. Likevel nektar Cameron å gi opp, og med bruk av litt økonomisk overtyding set han skulens småskumle rebell Patrick til å vinne hjartet til Kat, slik at han kan ta sjansen på Bianca.

10 Ting Jeg Hater Ved Deg er på mange måtar den stereotype amerikanske high school-filmen, men jobben han gjer er såpass solid at det aldri blir for platt. For dagens ungdom er kanskje den avdøde Heath Ledger mest kjend som Jokeren i Christopher Nolan sin Dark Knight trilogi, men før han vert Batman sin erkefiende smelta han tallause tenåringshjarte. Denne filmen er eit levande bevis på det, og samspelet han har med Julia Stiles er rett og slett herleg. 

Filmen kan strøymast på Disney+ eller leigast/kjøpast på Apple TV, TV2 Play, Blockbuster, Viaplay, Google Play eller SF Anytime.

Aldersgrense: 11 år
Regi: Gil Junger

Mannen som elsket Yngve

Året er 1989 på Kongsgård vidaregåande i Stavanger. Jarle Klepp (Rolf Kristian Larsen) nyt ungdomstida så godt som mogleg. Han har alt han treng: Ein kjærast som elskar han, ein bestekompis han er på same bølgelengde med og eit punkband på veg te å ta av. Yngve (Ole Christoffer Ertvaag) er ny i klassen og så godt som hans strake motsetning, ein roleg tennisspelar som høyrer på art pop. Likevel er det noko med han som fangar Jarle, som raskt hamner i eit nett av forvirring og dobbeltroller. 

Eg er kanskje litt påverka av det faktum at Mannen Som Elsket Yngve finn stad på den vidaregåande skulen eg gjekk på, men eg syntest han var bra då eg såg han for første gong før eg i det heile tatt hadde begynt å tenkje på vidaregåande, så eg kjenner meg likevel passe trygg i anbefalinga. Med sterkt skodespel og eit rått, tidsriktig lydspor er det ikkje så overraskande at denne filmatiseringa av Tore Renberg sin roman slo så godt an då han først kom på kino i 2008.

Filmen kan strøymast på Prime Video eller leigast/kjøpast på Apple TV og TV2 Play.

Aldersgrense: 12 år
Regi: Stian Kristiansen

Heathers (1989)

Veronica Sawyer (Winona Ryder) endar opp som fjerde medlem av den mest populære, og frykta, vennegjengen på Westerburg High School – eit trekløver av velståande jenter, alle med fornamnet Heather. Posisjonen tilbyr makt og vern, men om det er ein ting som er meir brutalt ein hierarkiet rundt Heathers, er det det inni. Desperat etter å flykte slår ho seg saman med J.D. (Christian Slater), ein mystisk og karismatisk ny elev, men planane han har for Heathers og resten av skulen visar seg å vere av eit anna kaliber enn ho forventa. 

Har du sett Mean Girls? Tenkte du, då du såg han, at dette var ganske bra, men hadde vore betre med litt fleire mord? Då har eg heldigvis filmen for deg! I dag er kanskje musikalen basert på filmen meir kjent enn kjelda, men om ein kan tolerere nokre augeblikk som kanskje ikkje har eldast så godt er originalen ein svært underhaldande mørk komedie.

Filmen kan strøymast på Viaplay og Strim.

Aldersgrense: 15 år
Regi: Michael Lehmann

Jennifer’s Body (2009)

Anita (Amanda Seyfried), eller «Needy» som ho ofte vert kalla, er ei ganske alminneleg, men usikker, jente. Barndomsvenninna Jennifer (Megan Fox) er skulens dronning – vakker, populær og god på å få vilja si gjennom. Trass i at dei har lite til felles held dei saman, men etter ei ulykke tar venskapen deira ei brå vending. Jennifer har ikkje alltid vore den snillaste, men då fleire av gutane på skulen døyr på valdeleg vis etter å ha vore i kontakt med ho forstår Anita at noko frykteleg gale har hendt med venninna hennar, noko kanskje ho aleine kan rydde opp i.

Skrekksjangeren er godt rusta til å ta for seg alminnelege kjensler og utfordringar på ekstreme vis, og det er nettopp det Jennifer’s Body gjer. Dei færraste har nok opplevd at ei av venane deira plutseleg begynner å ete andre menneske, men mange har kjent på korleis det er å tvihalde på vennskap som er på veg til å gå i oppløysing eller usikkerheit over egne kjensler for ein venn. Filmen fekk ei ganske blanda mottaking då han først kom ut, men er i dag noko av ein kultklassikar. Girls just wanna have fun!

Filmen kan strøymast på Disney+ eller leigast/kjøpast på Apple TV, Microsoft Store, Blockbuster, Rakuten TV, Viaplay eller Google Play.

Aldersgrense: 15 år
Regi: Karyn Kusama

The Dirties (2013)

Owen og Matt er kvarandre sine beste venner. Faktisk er dei kvarandre sine einaste venner. Saman jobbar dei på eit intensivt filmprosjekt, ein hyllest til filmane dei sjølv elskar, men også eit oppgjer med mobbinga på skulen deira. Problemet er berre å vite kor grensa går mellom filmen og verkelegheit deira.

Det er vanskeleg å snakke for mykje om The Dirties utan å avsløre for mykje. Det er ein mørk, konfronterande og djupt ukomfortabel film, men han er også både underhaldande og tankevekkande. Om du har god toleranse for klein humor og vanskelege, men viktige, tema er han vel verdt halvanna time av livet ditt, men ver åtvara om at det ikkje er ein særleg gledeleg oppleving.

Aldersgrense: 15 år
Regi: Matt Johnson