Framtida.no søkjer journalistspirer til Operasjon Dagsverk

Har du lyst å prøva deg som journalist/fotograf under årets Operasjon Dagsverk? Søk hjå Framtida.no!

Framtida
Publisert
Oppdatert 12.10.2023 13:10

Framtida.no er ei nynorsk nyhende- og debattavis for unge i alderen 14-25 år, som dekkjer ungdomspolitikk- og engasjement, klima, kultur og utdanning.

Til årets Operasjon Dagsverk 2. november 2023 søkjer me to elevar i målgruppa som har lyst å prøva seg som journalist/skribent/fotograf i ein nynorskredaksjon. Du får sjølvsagt all naudsynt opplæring og hjelp til å løyse arbeidsoppgåvene.

Spørsmål om stillinga kan rettast til redaktør Andrea Rygg Nøttveit på tlf. 481 40 342

Døme på arbeidsoppgåver du kan velja:

  • Ta illustrasjonsbilete til nettsaker
  • Laga ei nyheitssak
  • Gjennomføra eit intervju
  • Skriva eit meiningsinnlegg
  • Skriva ei listesak med tips om filmar/seriar/dataspel eller anna du er engasjert i.

Framtida.no har kontor i Glasmagasinet sentralt i Oslo.

Send ein søknad der du fortel litt om deg sjølv og kva du vil jobba med til redaktør Andrea Rygg Nøttveit på epost: andrea@framtida.no.

Søknadsfrist: 16. oktober 2023