Norsk-ish-skodespelar Nasrin Khusrawi fann ut at om at om det var noko ho sakna i livet, måtte ho oppsøka det sjølv.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.01.2024 12:01

– Eg har alltid visst at eg vil driva med teater, men aldri tenkt at det var skodespelar eg skulle bli.

Det skriv Nasrin Khusrawi (40) i ein e-post til Framtida.no.

Teater og psykologi

Du har kanskje sett ho i NRK-serien Norsk-ish, den norske versjonen av Tre nøtter til Askepott, eller julekalenderen Kristiania magiske tivolitheater. Ho har òg stått på ei rekkje norske teaterscener, men kven var Nasrin Khusrawi som 20-åring?

– På den tida hugsar eg at eg las ein del dikt av Tor Ulven forutan pensum i psykologi på engelsk. Ulvens dikt skulle seinare ha ei stor betydning for at eg kom inn på Statens Teaterhøgskole.

I 2010 var ho den første kvinna med innvandrarbakgrunn som kom inn på den prestisjefylte Teaterhøgskulen, men før den tid hadde ho nokre år som student ved Universitetet i Oslo med psykologi, teaterhistorie og idéhistorie.

Etter å ha teke Ex phil og Ex fac kom ho inn på psykologi ved Universitetet i Oslo.

– Idealisten i meg hadde et stort ønske om å bli barnepsykolog, minnast skodespelaren.

To venninner i ein eittroms

Ved sidan av studiane jobba ho som støttekontakt, og levde alt anna enn luksuriøst.

Busituasjonen var å dela ein eittroms på Sofienberg med ei venninne som òg studerte på Blindern.

– Vi hadde ikkje råd til å leige eit rom kvar, og delte 1.20 seng plassert i alkoven i stova.

Den desidert viktigaste personen i livet til 20 år gamle Nasrin var veslebroren som nettopp var fødd. Det første møtet med han er òg eitt av hennar sterkaste minner frå det året.

– På veg gjennom sjukehusgongane på A-hus kunne eg sjå korridorpasientar i senger langs veggane. I det eg gjekk inn for å sjå veslebror høyrde eg eit skrik frå ei eldre dame: «Eg orkar ikkje meir». Det gjorde sterkt inntrykk å vera vitne til ein nyfødd på veg inn i tida, samstundes som ei eldre dame var på veg ut.

Frå ei åleine-reise der Nasrin lærte seg gleda av å sjå på orkideane utan å ha ein heim å putte dei i. | Foto: Privat

I 2003 dominerte krigen i Irak nyheitsbiletet etter at USAs president George W. Bush erklærte krig mot landet. Ei anna stor hending var då Sveriges utanriksminister, Anna Lindh blei drepen på eit kjøpesenter 11. september 2003.

– Eg hugsar det som ei fridomsfrårøving å ha ein offentleg posisjon i samfunnet.

Sjølv drøymde Nasrin om å reise og bu i utlandet, og når høvet seinare kom, reiste ho til New York for å studera.

– Så tenkte eg mykje på at eg ikkje kunne ha masse forventningar som aldri kunne bli innfridd. Difor inngjekk eg eit kompromiss med meg sjølv om at om det var noko eg sakna i livet, måtte eg oppsøka det sjølv. Eg brukte å tenkja på det som å «oppdra meg sjølv på nytt». Og det gjorde eg i tillegg til å syta for å ha nære relasjonar til nokre få som eg kunne stola heilt på.

Alvorstyngd barn

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Dette måtte eg få ein som har kjent meg sidan eg var barn til å svara på. Ho skreiv: Du har alltid vore «alvorstyngd», i den forstand at du har teke mykje ansvar som barn og du følte nok at andre på din alder var overflatiske!

Khusrawi vert vidare skildra som ein søkjande person som vil gå i djupna.

Skodespelaren ville fortald seg sjølv som 20-åring kor viktig det er å gje seg sjølv stor indre verdi når ein opplever å få lite verdi utanfrå.

Nasrin og kusina tek ein selfieførste gang ho er i Iran. Dei er fnisete etter å ha møtt nokre gutar på eit kjøpesenter. | Foto: Privat

– Kanskje er dette lettare å forstå når ein anerkjenner at livet er forgjengeleg, og ein ikkje kan ta noko for gitt. Difor er det viktig å setja pris på, og opphøya kvar einaste dag, på ein eller annan måte, med smått eller stort.

Denne lærdommen har ho spesielt frå sin mann, som i sitt virke som nyheits- og gravejournalist ser livsomveltande endringar frå dag til dag.

For Nasrin Khusrawi har det alltid vore viktig å setja draumar høgt, noko ho mellom anna har gjort ved å reisa.

– Ein angrar sjeldan på det ein har gjort, mest på det ein ikkje fekk gjort. Mitt råd generelt er difor å innfri draumar. Til meg sjølv ville eg sagt ver i augeblikket utan å uroa deg for framtida og følg impulsane dine og stol på magefølelsen din.