Iranske Narges Mohammadi får fredsprisen

Den iranske kvinnerettsforkjemparen Narges Mohammadi tek imot fredsprisen i år.

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kampen hennar har komme med store personlege tap, sa Nobelkomiteens leiar, Berit Reiss-Andersen under utdelinga.

Mohammadi har blitt fengsla 13 gonger, dømt 5 gonger og sit no i Evin-fengselet for å ha demonstrert mot myndigheitene i Iran.

– Me håper det blir tryggare for dei som er i Iran. Situasjonen er veldig farleg, aktivistar der kan mista livet. Denne prisen kan gjera det tryggare, seier Hamidreza Mohammed, bror til fredsprisvinnaren, til NRK.

Narges Mohammadi er journalist, fysikar, ingeniør, aktivist og nestleiar i ein organisasjon som vart stifta av Shirin Ebadi, som vann fredsprisen for 20 år sidan. Mohammadi har vore ei tydeleg stemme blant dei som ønskjer å avskaffa dødsstraff i Iran.

– Denne prisen kan gjera det tryggare

Mohammadi er ei av fleire hundre som har blitt arrestert for å trassa dei iranske myndigheitene. Ho har vore aktiv samfunnsdebattant i mange år, og vart fyrst arrestert og dømt til elleve års fengsel i 2011 for spreiing av propaganda mot staten.

Mohammadi har dei siste 20 åra motteke mange internasjonale utmerkingar, og vart heidra av fredsprisvinnaren i 2003, iranske Shirin Ebadi.

– Denne modige kvinna fortener denne prisen meir enn meg, sa Ebadi om Mohammadi då ho tok imot den austerrikske menneskerettsprisen Felix-Ermacora-Menschenrechtspreis.

Mohammadi er gift med journalisten Taghi Rahmadi, paret har to barn. Ektemannen og barna lever i eksil i Frankrike for å unngå straffeforfølging av iranske myndigheiter.

Kvinner, liv, fridom

I grunngjevinga for prisen rosar Nobelkomiteen Mohammadi for «kampen hennar mot undertrykkinga av kvinner i Iran og kampen for å promotera menneskerettar og fridom for alle». 

Ho får prisen for å vera ei tydeleg stemme i demonstrasjonane som har halde på sidan Jina Mahsa Amini vart drepen i moralpolitiets varetekt i september 2022.

Demonstrasjonane i Iran det siste året har vore retta mot dei strenge sømmelegheitslovane som dikterer kva som er passande å gjera. Lovane har gradvis blitt strengare dei siste åra, og handhevast av moralpolitiet.

Det siste året har fleire titusen blitt arresterte, blant dei mange barn, ifølgje Amnesty.

Spekulasjonar

Fredsprisen delast ut av den norske nobelkomiteen på det som ville vore bursdagen til Alfred Nobel. Før utdelinga vart det spekulert at Greta Thunberg og Jens Stoltenberg var mogelege vinnarar. Nokre meinte òg at iranske kvinner generelt skulle bli vinnarane.

Sidan oppstarten i 1901 har 110 individ og 30 organisasjonar vunne prisen. Røde Kors og FN sin høgkommissær for flyktningar har begge vunne prisen fleire gongar. 

Mikhail Gorbachev vann prisen i 1990, Mor Teresa i 1979, Malala Yousafzai og Kailash Satyarthi vann i 2014 og Barack Obama i 2009.

Fredsprisen

Nobels fredspris er ein av seks prisar som delast ut i namnet til den svenske kjemikaren Alfred Nobel. 

Nobel fann opp dynamitt og såg dei øydeleggjande effektane oppfinningane hans hadde på verda. Han skreiv difor i sitt testamente at han ønskja å bruka midlane han lét etter seg på noko positivt; å heidra menneskje som fremjar fred.

Ein fredsprisvinnar må oppfylla minst eitt av tre krav som vart lagt fram av Alfred Nobel.

  • Arrangering av fredskongressar
  • Reduksjon av militærstyrkar
  • Bidra til nasjonens forbrødring