5 tips:
Slik vert du årets ungdomskommune
Kvam herad i Hardanger vart kåra til årets ungdomskommune i år. Malene Utskot (18) er stolt over kva ungdomsrådet har fått til.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vaksne kan ha ein idé om kva ungdommane tenker og synest, men det er ikkje alltid sanninga. Unge tenker ofte litt meir nyskapande enn dei vaksne, seier Malene Utskot (18).
Ho er nestleiar i ungdomsrådet i Hardanger-kommunen Kvam i Vestland, og meiner medverknad frå unge er viktig i kommunane.
Kvam herad vart tidlegare i september kåra til årets ungdomskommune av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). I grunngjevinga vert det mellom anna trekt fram at kommunen har eit sterkt og velfungerande ungdomsråd.
Utskot synest kåringa er godt fortent. Ho meiner heimkommunen gjer ein god innsats for å betre kåra for dei unge i kommunen. Og ho meiner eit velfungerande ungdomsråd er svært viktig for lokalpolitikken.
Mange gjennomslag
– Vi har fått til ganske mykje i Kvam, som ikkje hadde skjedd utan ungdomsrådet, seier Utskot.
I Kvam herad har ungdomsrådet rett til å ta ordet i kommunestyremøta. Der får dei altså høve til å stå på talarstolen og snakke direkte til politikarane. Utskot fortel at det er ein rett dei ikkje nyttar seg av ofte, men at det har gitt dei gjennomslag og større gehør hos dei vaksne.
Tidlegare i vår bad ungdomsrådet mellom anna om pengar til ein ungdomsklubb, då dei visste at kommunen hadde litt til overs i budsjettet. Politikarane løyvde ein million kroner.
Ungdomsrådet har vore forkjemparar for å få bygd ei motorsportbane i kommunen – og no er plassering og pengar til planarbeid vedteke. Rådet har dessutan vore med på å utforme ein oppvekstplan i kommunen.
– Vi får alltid gode tilbakemeldingar når vi har vore i kommunestyret og snakka for oss. Ordføraren kjem også innom møta våre av og til og pratar med oss. Eg synest det er kjempekjekt at vi vert høyrde, seier Utskot.
Det er slett ikkje vanleg at eit ungdomsråd har møte- og talerett i kommunestyre. Utskot trur det er lettare i ein relativt liten kommune som Kvam.
– Men det er veldig viktig, og burde bli gjort fleire stader, slår ho fast.
Samstundes legg ho vekt på at det ikkje berre er innsatsen det siste året som har sikra Kvam herad tittelen som årets ungdomskommune.
– Det har vore ei oppbygging over mange år som har gjort at vi har klart det vi har gjort. Vi har hatt ungdomsråd sidan 2003, eitt av dei første i landet. Vi har fått tillit frå dei vaksne ved å vere synlege i mange år, seier ho.
I grunngjevinga trekker Bufdir også fram innsatsen som er gjort på rådhuset for å styrke tilhøva for unge, og ei rekke lokale tiltak kommunen har gjennomført. Mellom anna har dei unge har tilgang på eit lokalt fritidskort som gir dei pengar til å delta i fritidsaktivitetar.
Ekte meiningar
Eit viktig poeng i ungdomsrådet er at det skal vere ein trygg plass der alle kan seie kva dei meiner.
– Det er ungdomsmedverknad som står i sentrum. Når ungdommar får lov å delta, får ein ofte høyre andre svar enn vaksne hadde kome med. Då er det viktig at alle vert høyrde utan å bli dømde, seier Utskot.
Nestleiaren er no inne i sin andre periode i rådet. Medlemmene sit i to år i slengen. Utskot vart med for første gong då ho gjekk i første klasse på vidaregåande. Ho fortel at ho hadde sett kva ungdomsrådet hadde fått til tidlegare, og ho var veldig interessert i å gjere ein skilnad.
Tida i rådet har vore veldig kjekk, synest ho.
– Me har gjort veldig mykje som eg kjem til å hugse for alltid.
Utskot trur deltaking i ungdomsrådet kan bidra til å skape samfunnsengasjement.
– Det er ikkje alle unge som er ekstremt opptekne av politikk. Men med eit ungdomsråd som er aktivt i nærmiljøet, vil ein få meir engasjement blant andre ungdommar, meiner ho.
Medlemmene får også ei god demokratiopplæring, og får kjenne på kva eit fellesskap kan gjere. I år var også tre av medlemmene med som valvertar under lokalvalet. Då fekk dei verkeleg sjå demokratiet på nært hald.
– Eg visste ikkje kjempemykje om kva som skjedde i kommunen før eg vart med i ungdomsrådet. Ein får reise rundt og snakke med ungdommar i andre kommunar, og ein får ei opning inn mot andre, større organisasjonar, til dømes regions- og fylkesråd. Nokre går også inn i partipolitikken, seier ho.
5 tips
Utskot har laga ei liste med 5 tips for å få god medverknad frå ungdommane i kommunen:
1: Få vaksne til å høyre
Utskot slår fast at det kan vere krevjande for dei unge å bli tekne på alvor. Det er viktig å vinne tillit for å få dei vaksne til å høyre på ein. Det kan ein gjere ved å vise fram at ein veit kva ein driv med, og at ein engasjerer seg seriøst og ikkje berre tullar.
2: Ver engasjert i nærmiljøet
Det er viktig å få innspel frå medelevar eller andre i miljøet ditt, for å plukke opp kva folk rundt deg bryr seg om, meiner ho. Utskot er valt inn i ungdomsrådet frå Kvam vidaregåande skule, og ho slår fast at det er viktig for henne å vite kva elevane på skulen meiner. Ein bør gå rundt og snakke med folk, og ikkje vere redd for å ta ein samtale, meiner ho.
3: Følg med og les deg opp på saker
Kunnskap er ein nøkkel for å bli teken seriøst, meiner Utskot. Om ein skal engasjere seg i ei sak, er det viktig å vite kva ein snakkar om, så ein kan vere truverdig. Ho viser tilbake til punkt 1.
– Kommunale sakspapir er ofte veldig formelt skrivne. Men det er viktig at ein følger med, så ein veit kva sakene handlar om. I ungdomsrådet har vi ein koordinator som kan seie frå om vi misforstår, fortel Utskot.
4: Ikkje la dei vaksne ta over
Det er viktig å vite kva ein meiner, og å stå for det, meiner Utskot.
– Ungdomsrådet skal vere ungdommane sitt råd. Det er ikkje dei vaksne som skal bestemme kva ungdommen meiner, seier ho.
5: Gi ungdommane eit talerøyr
Det siste rådet går til dei vaksne i kommunane. Utskot meiner tilsette og politikarar bør ta ungdommane på alvor, og helst sleppe ungdomsrådet til i kommunestyret.
– Der kan dei verkeleg bli høyrde, slår ho fast.
- Les også:
Inger Christin (17) og Wiktoria (15): – Unge burde få meir makt i klimapolitikken