Unge Venstre-leiar vil vraka Erna Solberg

Ane Breivik seier nei til Solberg som statsministerkandidat. Unge Høgre-leiaren meiner tilliten kan verte bygd opp att.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Det må jo vera tydeleg for oss alle at me i alle fall ikkje kan ha ein statsminister som tidlegare har vore inhabil som statsminister.

Det seier Unge Venstre-leiar Ane Breivik i Politisk kvarter tysdag morgon.

Tillit, openheit og demokrati

Ane Breivik understrekar at ho personleg meiner at brot på habilitetsregelverket må få konsekvensar for tidlegare statsminister Erna Solberg, men vil ikkje svara på om Venstre kan sitja i ei regjering med Erna Solberg som statsminister.

Ho oppmodar både Arbeidarpartiet, Høgre og Senterpartiet til å ta habilitetsutfordringane på alvor og gjera grep for å sikra tilliten til politikarane.

Unge Venstre-leiaren meiner tillit til politikarar, openheit og demokrati, er verdiar som burde setjast over det borgarlege samarbeidet.

Unge Høgre-leiaren har tillit

Leiar i Unge Høgre, Ola Svenneby, kritiserer Unge Venstre for å stilla eit ultimatum og undergrava borgarleg samarbeid.

– For min del, så kan eg berre snakka for meg sjølv, så har eg tillit til Erna Solberg som partileiar. Så trur eg alle i Høgre skal vera heilt opne om at den saka som går føre seg no openbert har svekka tilliten til henne, og openbert òg har svekka tilliten til partiet Høgre og òg kan svekkja tilliten til borgarleg side, medgjev Svenneby i Politisk Kvarter.

Han trur at Høgre og Erna Solberg kan bruka tida fram til valet i 2025 til å etablera seg som ein truverdig statsministerkandidat.

Unge Høgre-leiaren meiner det er umogleg å seia om Solberg kunne blitt sitjande om saka hadde vorte kjent medan ho framleis sat som statsminister.

– Men det er heilt openbert at saka hadde sett annleis ut om Erna Solberg var statsminister i dag, eller om saka hadde sprokke den gongen ho var statsminister, medgjev Unge Høgre-leiaren.