Indonesia: TikTokar dømd for blasfemi

Påverkaren la ut ein video der ho resiterte ei muslimsk bøn før ho åt svinekjøt.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Ei kvinne er i Indonesia dømd til to år i fengsel etter landets blasfemilov, skriv CNN. Grunnen er at ho delte ein video på TikTok der ho under eit besøk på Bali resiterer ei islamsk bøn før ho testar svinekjøt.

Nærmare 90 prosent av befolkninga i landet er muslimar, og svinekjøt er forbode i islam.

Tiktokaren er 33 år gamle Lina Lutfiawati, kjent som Lina Mukherjee i sosiale medium. Tysdag vart ho kjent skuldig i å «spreie informasjon retta mot å oppmode til hat mot religiøse individ og spesifikke grupper», heiter det i rettsdokumenta som CNN siterer.

Ho må òg betale 250 000 000 indonesiske rupi, som svarar til om lag 175 000 norske kroner.

Sjokkert

Påverkaren, som har over 2 millionar følgjarar, er sjølv muslim. Ho er kjent for å dele livsstils- og matvideoar på TikTok. I mars la ho ut ein video der ho sa den islamske frasen «Bismillah», som tyder «i Allah’s namn», før ho åt ein rett med svinekjøt.

– Eg veit eg gjorde noko gale, men eg forventa verkeleg ikkje denne straffa, sa påverkaren sjokkert til CNN Indonesia i samband med rettssaka. Det er mogleg ho vil anke dommen.

Sjølv om majoriteten i Indonesia er muslimar, blir svinekjøt ete av andre religiøse minoritetar i landet. På Bali, der lovbrotet ho er dømd for skjedde, er størsteparten av befolkninga hinduar.

Kvinne kledd i kvitt sit på ein stol.

Lina Lutfiawati på tiltalebenken under rettssaka i Palembang i Sumatra i Indonesia. Foto: AP Photo/Mohammad Fadli

Blasfemilov

Andreas Harsono, Indonesia-forskar i Human Rights Watch, seier til CNN at Lutfiawati ikkje har gjort noko gale, men at dommen seier mykje om Indonesia og om korleis eit sjølverklært moderat muslimsk land er i ferd med å bli ein radikalisert muslimsk nasjon.

Dei siste åra har det blitt fleire konservative lover i tråd med islam. I fjor vart ei ny indonesisk lov vedteken som blant anna gjer det ulovleg å ha sex utanfor ekteskap, fornærme presidenten, og ytre ting som ikkje er i tråd med statens ideologi.

Harsono peikar på at blasfemikapittelet i straffelova har auka frå ein til seks paragrafar, og kallar det eit tilbakesteg for religions- og trusfridomen i landet.