Amnesty-analyse:
Kvar fjerde Facebook-kommentar om samar er negativ
Amnesty International har analysert over 200.000 kommentarar på Facebook, og slår fast at kvar fjerde kommentar om samisk tematikk er negativ.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dataa som menneskerettsorganisasjonen Amnesty og analysebyrået Analyse & Tal har gått gjennom, er henta frå 269 partipolitiske sider, 284 mediesider og 73 offentlege Facebook-grupper.
Undersøkinga omfattar perioden mellom januar 2019 og juni 2023. Spesielt under den oppheta debatten om Fosen, auka mengda fordommar og negative stereotypar om samar, skriv Amnesty i ei pressemelding.
– Vi veit at minoritetar som blir utsette for stereotypiar og fordommar ofte vel å halde seg unna det offentlege ordskiftet. Då står vi overfor eit ytringsfridomsproblem. Når vi samtidig veit at vi står overfor debatten om Melkøya og ei brei omstilling til fornybar energi, lovar ikkje dette godt for framtida, seier generalsekretær John Peder Egenæs i Amnesty International Norge.
● Les også: Ella Marie stemmer i vrengt kofte for Fosen
Amnesty foreslår fleire konkrete grep for å sikre eit betre ytringsklima for samar:
- Betre oppfølging av dei som blir utsett for netthets ved å opprette eit lågterskeltilbod på netthets
- Endå fleire ressursar til arbeidet til politiet mot hatefulle ytringar på nett
- Teknologigigantane må slutte å premiere polariserande innhald og moderere debatten betre.