Amerikanske senatorar får gå med hettegenserar

Det amerikanske Senatet lempar på kleskodane for senatorar som skal debattera og stemma.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Majoritetsleiaren av det amerikanske Senatet, demokraten Chuck Schumer, har lempa på klesreglane for dei amerikanske folkevalde.

Det inneber at amerikanske senatorar ikkje lenger må kle seg formelt i det som vert omtala som business attire, melder BBC.

Chuck køyrer dress

– Senatorar kan velja kva dei vil ha på seg i Senatet. Eg vil halde fram å ha på dress, sa Chuck Schumer (72) i ei utsegn til CBS.

Kleskodane har ikkje vore fastsett i noko regelverk, men koden har vore slik at senatorane kler seg formelt. Likevel var det først på 1990-talet at det vart akseptert at kvinnene gjekk i bukser.

I Representantenes hus er reglane stemt fram og nedskrive, og det var først i 2019 at det vart tillate å gå med religiøse hovudplagg som hijab.

– Skaff deg ein annan jobb

Ikkje alle er like glade for dei nye reglane. På Twitter/X skriv tidlegare medlem av representantanes hus for republikanarane og Det libertarianske partiet Justin Amash (43):

– Senatet er ikkje heimen din, ein gym eller ein park. Om du ikkje kan kle deg profesjonelt på jobb i det amerikanske Senatet, gjer oss alle ei teneste og skaff deg ein annan jobb.