Debutanten likar best å lese i lange økter. Problemet er berre at han ikkje har så mykje tid.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 27.09.2023 20:09

Leander Djønne (42) frå Hardanger debuterte i fjor med boka Oskespiralen. Boka handlar om to brør sitt oppgjer med fortida. Ho vart kåra til Lytternes romanpris av NRK P2 i fjor, og vart hylla av kritikarane.

Når han ikkje skriv, er Djønne biletkunstnar, lærar og gardbrukar. Han er busett i Odda.

Fakta

Namn: Leander Djønne

Alder: 42

Frå: Odda

Utdanning: Master frå Kunstakademiet i Malmö, Universitetet i Lund.

Yrke: Biletkunstnar, lærar, gardbrukar.

Auschwitz-bok gjorde sterkt inntrykk

Djønne fortel at han les 20–30 bøker i året. Det går mykje i faglitteratur i relasjon til kunstnarskapet hans. Han har også ulike interesser innanfor politisk teori, filosofi, historie og geologi. Men han les også mange romanar.

– Eg les når eg har tid. Kor som helst, eigentleg. Det beste er å lese aktivt i lengre økter, men det er sjeldan eg gjer det no om dagane med så mykje arbeid eg har på meg. Difor nyttar eg lydbok mykje for å kome meg gjennom bøker medan eg gjer ting på garden, køyrer frå vest til aust eller andre aktivitetar som mogleggjer lydbok, fortel han i ein e-post til Framtida.no.

Djønne vart ikkje lesen mykje til då han var barn.

– Bibelen mest, om noko, skriv han.

Men han hugsar godt boka som gav størst inntrykk på han i oppveksten. Han las Det angår også deg av Herman Sachnowitz då han var 13 år. Boka skildrar forfattarens år i Auschwitz og andre konsentrasjonsleirar under andre verdskrig.

– Boka brann seg fast inni meg. Eg vart rysta, fortel Djønne.

 

Omslag: Cappelen Damm

Ønsker seg opplevingane

– Kva meiner du gjer ei bok god?

– At det er eit godt språk og ei utfordrande fortelling som freistar rokke ved måten vi tenker eit narrativ.

– Kva bok skulle du ønske du hadde skrive?

Oppdagelsen av det nye land av Helge Ingstad. Årsaka, meir enn språket – sjølv om det er godt nok – ligg i at eg då hadde opplevd dei fantastiske hendingane han skriv om her. Det er óg ei særskilt flott komponert bok. Eit slags collectors item.

– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Tore Kvæven. Mogleg han ikkje er undervurdert, men han skriv grueleg godt, og eg skulle ønske fleire las dei bøkene han har skrive.

Jens Bjørneboe på middag

Djønne fortel at han ofte kjenner seg att i einskilde karakterar i bøkene han les, sjølv om ein samstundes er langt vekke frå dei. Men boka han kjente seg mest att i, er Menn i min situasjon av Per Petterson.

– Då eg las den boka, kjende eg meg att i fleire av skildringane der, skriv han.

Om han skulle ha invitert ein forfattar – daud eller levande – på middag, står det mellom tre:

– Dag Solstad, Jens Bjørneboe, eller kanskje Ágota Kristóf.

– Om du berre skulle lese bøker frå éin forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Tarjei Vesaas.

Om Oskespiralen skulle filmatiserast, ville Djønne hatt desse skodespelarane i rollene:

– Faren kunne spelast av Helge Jordal, Naboen av Bjørn Floberg, Sonen av Fridtjov Såheim, Broren av Ingar Helge Gimle, Mora ac Arnhild Litlere.