Partilojale røyster ofte før valdagen

Fleire nytta seg av moglegheita til å førehandsrøyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet. Men valdeltakinga har gått ned sidan 2019.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

62,2 prosent av dei med røysterett i Noreg valde å bruke den ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i år. Det er ein nedgang på 2,5 prosent frå lokalvalet i 2019.

Om lag halvparten – 48 prosent – av dei som røysta gjorde det før sjølve valdagen 11. september. Det er ny rekord. Også ved førre stortingssval var det nesten halvparten av dei som røysta som nytta førehandsrøysting.

Av dei 4.356.600 nordmennene med røysterett i år, valde 1.278.849 å røyste på førehand ved kommune- og fylkesvalet – altså 29,3 prosent av alle med røysterett – viser tal frå Valdirektoratet. Ved førre kommuneval i 2019 var det 20,84 prosent av dei med røysterett som førehandsrøysta.

Valdagen blir mindre viktig

Statsvitar Troy Saghaug Broderstad ved UiT – Noregs arktiske universitet seier til NRK at dei som røystar på førehand ofte er dei som held med eitt parti gjennom tjukt og tynt.

– Ofte er det dei lojale veljarane, dei som er robuste mot endringar i tida og har røysta det same partiet over lengre tid, som førehandsrøyster.

Han forklarer at ved å innføre førehandsrøysting, har betydninga av sjølve valdagen vorte mindre viktig, i eit forsøk på å gjere det å stemme, meir viktig.

Storbyfylka røystar mest på førehand

Mengda førehandsrøyster skil seg frå 22 prosent i fylket med færrast førehandsrøyster til 33,7 prosent i fylket med flest. I alt ser det ut til at fylka med dei største byane har størst prosentdel førehandsrøysting: Oslo 33,7, Trøndelag 33,27, Vestland 31,45, Rogaland 31 og Akershus 30.

Dei fem fylka med lågast prosent førehandsrøyster var Telemark med 22, Innlandet 24,36, Østfold 24,52, Vestfold 26,17 og Troms 26,36.

Alle fylka hadde mellom 20–30 prosent auke i talet på førehandsrøyster frå førre kommunestyre- og fylkestingsval, viser tala frå Valdirektoratet. Korkje Østfold, Akershus, Buskerud, Troms, Finnmark, Vestfold eller Telemark har tal å samanlikne med frå 2019, då dei ikkje var eigne fylke ved det valet.

Mengda som førehandsrøysta ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023:

  • Oslo: 33,78 %
  • Trøndelag: 33,27 %
  • Vestland: 31,45 %
  • Rogaland: 31,02 %
  • Akershus: 30,02 %
  • Finnmark: 29,27 %
  • Agder: 29,12 %
  • Møre og Romsdal: 29,09 %
  • Buskerud: 28,33 %
  • Nordland: 26,84 %
  • Troms: 26,36 %
  • Vestfold: 26,17 %
  • Østfold: 24,52 %
  • Innlandet: 24,36 %
  • Telemark: 22,01 %