Nyheitsquiz: Swing, dritslenging og 22 års soning
Fekk du med deg kvifor Mållaget brått fekk mange fleire medlemar? Eller har du vore for oppteken med å finna ut kva som står på den nye tatoveringa til Martin Ødegaard?

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Quiz: Nyheitsquiz veke 36
- Spørsmål 1 av 9
1.
Mållaget fekk brått ein auke i medlemstala sine denne veka, men kvifor?
Heilt rett! I år igjen hadde Framstegspartiets Ungdom «F**k nynorsk» som eit av slagorda sine under skulevalet. Kampanjen verka nok litt mot si hensikt då Mållaget opplevde ein oppsving i nye innmelde.
Trass oppsvinget er mållagsleiaren lite nøgd med retorikken som vert brukt av FpU.
– Det er trist at dei prøver å vinna stemmer i skulevalkamp med å trampe på språket til mange elevar, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.
Der bomma du! I år igjen hadde Framstegspartiets Ungdom «F**k nynorsk» som eit av slagorda sine under skulevalet. Kampanjen verka nok litt mot si hensikt då Mållaget opplevde ein oppsving i nye innmelde.
Trass oppsvinget er mållagsleiaren lite nøgd med retorikken som vert brukt av FpU.
– Det er trist at dei prøver å vinna stemmer i skulevalkamp med å trampe på språket til mange elevar, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.
- Spørsmål 2 av 9
2.
Kva land vil kanskje byta namn til Bharat?
Heilt rett! Denne veka var det G20-toppmøte i India. I forkant var det spekulasjonar om at landet ville endra sitt offisielle namn til Bharat.
I invitasjonen til ein offisiell middag er det «presidenten av Bharat» som står som vert. President Narendra Modi refererer vanlegvis til India som Bharat. Bharat er eit namn som stammar frå gamle hinduistiske skrifter på sanskrit.
Feil! Denne veka var det G20-toppmøte i India. I forkant var det spekulasjonar om at landet ville endra sitt offisielle namn til Bharat.
I invitasjonen til ein offisiell middag er det «presidenten av Bharat» som står som vert. President Narendra Modi refererer vanlegvis til India som Bharat. Bharat er eit namn som stammar frå gamle hinduistiske skrifter på sanskrit.
- Spørsmål 3 av 9
3.
Kva har fotballstjerna Martin Ødegaard tatovert på armen?
Heilt rett! Ødegaard og kjærasten Helene Spilling har fått seg matchande tatoveringar med teksten «Blir nok bare deg og meg».
Stang ut! Ødegaard og kjærasten Helene Spilling har fått seg matchande tatoveringar med teksten «Blir nok bare deg og meg».
- Spørsmål 4 av 9
4.
Donald Trump vil ikkje debattera motkandidatane sine, men nyleg er det ein person han har sagt at han vil møta til duell. Kven?
Knall! Sjølv om Trump har hatt konfliktar med alle tre, er det Meghan Markle som no står i søkelyset hans. Under eit radiointervju uttrykte den tidlegare presidenten stor misnøye med Markle. Det var spesielt hertuginna si behandling av si avdøde svigerbestemor som opptok Trump, noko som fekk han til å utfordra Markle til debatt.
Der bomma du! Sjølv om Trump har hatt konfliktar med alle tre, er det Meghan Markle som no står i søkelyset hans. Under eit radiointervju uttrykte den tidlegare presidenten stor misnøye med Markle. Det var spesielt hertuginna si behandling av si avdøde svigerbestemor som opptok Trump, noko som fekk han til å utfordra Markle til debatt.
- Spørsmål 5 av 9
5.
Kven vart Erna Solberg beden opp til dans av denne veka?
Heilt rett! Under partileiardebatten på torsdag nytta senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum høvet til å by opp høgreleiaren til ein liten svingom.
Feil:(! Under partileiardebatten på torsdag nytta senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum høvet til å by opp høgreleiaren til ein liten svingom.
- Spørsmål 6 av 9
6.
Denne veka vart Enrique Tarrio dømd til 22 år i fengsel for å ha vore med på å planlegga angrepet på Kongressen i januar 2021. Kva gruppe er han leiar for?
Stemmer! Denne veka vart leiaren av den høgreekstreme gruppa Proud Boys dømd til 22 år i fengsel i samband med storminga av Kongressen 6. januar 2021. Gruppa er rekna som ein terrororganisasjon i Canada og har teke del i fleire valdelege hendingar.
Tarrio er den som til no har fått strengast straff knytt til storminga av kongressbygningen i Washington.
Feil! Denne veka vart leiaren av den høgreekstreme gruppa Proud Boys dømd til 22 år i fengsel i samband med storminga av Kongressen 6. januar 2021. Gruppa er rekna som ein terrororganisasjon i Canada og har teke del i fleire valdelege hendingar.
Tarrio er den som til no har fått strengast straff knytt til storminga av kongressbygningen i Washington.
- Spørsmål 7 av 9
7.
Det var skuleval denne veka. Fekk du med deg kven som vann?
Fulltreffar! Høgre enda på heile 21,5 prosent av stemmene i årets skuleval. Elevar ved 391 vidaregåande skular i heile landet avla stemmene sine denne veka.
Sidan sist skuleval har Høgre fått 8,9 prosent høgare oppslutning. Framstegspartiet går 11,4 prosentpoeng fram og enda på 2.-plass med 19,5 prosents oppslutning.
Skulle kanskje stemt blankt? Det var Høgre som enda på heile 21,5 prosent av stemmene i årets skuleval. Elevar ved 391 vidaregåande skular i heile landet avla stemmene sine denne veka.
Sidan sist skuleval har Høgre fått 8,9 prosent høgare oppslutning. Framstegspartiet går 11,4 prosentpoeng fram og enda på 2.-plass med 19,5 prosents oppslutning.
- Spørsmål 8 av 9
8.
Under eit intervju etter skulevalsigeren kom Unge Høgre-leiar Ola Svenneby med ei omdiskutert utsegn. Kva sa han?
Riktig!
Svenneby har fått kritikk for ein kommentar om at generasjon Greta Thunberg er død etter skulevalet. Ungdomspartileiaren tok i etterkant sjølvkritikk for at bodskapen hans ikkje kom godt nok fram.
Det er feil!
Svenneby har fått kritikk for ein kommentar om at generasjon Greta Thunberg er død etter skulevalet. Ungdomspartileiaren tok i etterkant sjølvkritikk for at bodskapen hans ikkje kom godt nok fram.
- Spørsmål 9 av 9
9.
Kven er ny trenar for kvinnelandslaget i fotball?
Rett! Leif Gunnar Smerud tek over for Hege Riise som kvinnelandslagstrenar etter at Riise annonserte sin avgang før helga. Smerud har vore trenar for U21-herrelandslaget sidan 2014. I 2009 var Smerud assistenttrenar for kvinnelandslaget då dei tok bronse i EM.

Resultat:
Vurdering:
Fekk du med deg desse sakene frå veka som gjekk?