Uvanleg komet kan sjåast frå jorda neste veke

Stjernekikkarar får eit sjeldan og unikt høve til å sjå ein komet med berre auga neste veke, ifølgje astronomar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Kometen Nishimura vart først oppdaga i august, men vil vere nærast jorda om ei vekes tid, og synleg i Nord-Europa like før daggry 12. september.

– Det er inga overdriving å seie at dette er ei ein-gong-i-livet-moglegheit til å sjå Nishimura, seier astrofysikar Brad Gibson ved University of Hull.

– Halleys komet, som vekte stor interesse sist han var i nærleiken av jorda i 1986, bruker 76 år på å gå i bane rundt solsystemet, seier han.

Nishimura-kometen, som reiser gjennom verdsrommet med ein fart på 386 000 kilometer i timen, er allereie synleg for berre auga. Han kan sjåast i timen etter solnedgang og timen før daggry ved å sjå aust-nord-aust mot halvmånen og Venus, sjølv om moglegheitene er best neste tysdag.

Kometen er oppkalla etter den japanske astrofysikaren Hideo Nishimura som oppdaga han 11. august då han tok langeksponerte bilete av stjernehimmelen med eit digitalkamera.