Seriemelding: One Piece – ein ny standard for realfilmar

Når ein ser ferdig dei åtte episodane i første sesongen, sit ein igjen med å villa ha meir.

Rakeb Berhanu Erana
Publisert

Realfilmar basert på anime eller manga er ikkje særleg populære. Animefans hatar dei og Netflix-sjåarar er ikkje interessert i dei, men det er framleis ein marknad for dei.

Slike filmar plar ikkje å vera gode, men denne nye utrulege Once Piece-serien knusar alle fordommane ein har mot realfilm basert på anime eller manga.

One Piece

Sesong: 1

Nasjonalitet: USA, Japan

Språk: Engelsk

Noregspremiere: Netflix, 31. august 2023

Serieskaparar: Matt Owens, Steven Maeda

Aldersgrense: 13 år

Sjanger: Action-eventyr, komedie, drama

Episodar: 8

Speletid: 60 minutt

 

One Piece er basert på mangaen med same namn skriven av Eiichiro Oda. Serieskaparane Matt Owens og Steven Maeda, saman med blant anna Iñaki Godoy (Luffy), Emily Rudd (Nami), Mackenyu (Zoro) og Jacob Romero Gibson (Usopp) i rollebesetninga, skapar ein fortryllande realfilmversjon av One Piece.

Me følgjer Monkey D. Luffy på si ferd til å bli kongen av alle piratar. Før han kan bli kongen av alle piratar, må han finna den berømte skatten, The One Piece. Luffy reiser rundt land og hav for å finna eit skip og piratmannskap. På reisa si møter han tjuven Nami, sverdmeisteren Roronoa Zoro, Usopp og Sanji.

Dei nye kameratane til Luffy let seg overtala til å vera ein del av mannskapet hans. Saman med skipet Going Merry og Luffy som kaptein, reiser mannskapet på leit etter The One Piece.

One Piece ynskjer å vera trufast mot den originale mangaen, og har derfor sett inn stort arbeid i rollebesetninga. Allereie då dei første promobileta av One Piece kom ut, var det klart at serien hadde lykkast med rollebesetninga.

Iñaki Godoy som Luffy er ei perfekt casting – det er vanskeleg å sjå for seg nokon andre enn han spela Luffy. Alt frå Luffy sin barnslege utsjånad, stemme og personlegdom til kroppsspråket hans, finn ein i Godoy.

Det er ikkje berre Godoy som er spektakulær i si rolle – alle skodespelarane gjev ei strålande og gøyal framstilling av karakterane dei spelar.

Denne første sesongen av One Piece fungerer som ein god introduksjonssesong. Ein får mykje informasjon i dei åtte episodane, men det blir gjort på ein så spennande og lett fordøyeleg måte at det aldri kjennast overveldande. Kvar hovudkarakter får ein god og fyldig introduksjon. Gjennom dialog og tilbakeblikk, blir me godt kjent med kvar av dei. Det er eit stort fokus på motiva til karakterane og kven dei vil bli. I tillegg får alle karakterane nok tid til å bli utdjupa og stå i søkelyset. Alle desse elementa humaniserer karakterane og ein blir fort glad i dei.

Eit stort problem mange realfilm-versjonar av anime og manga møter på, er å prøva å finna ein god balanse mellom dei komiske og seriøse elementa frå det originale materialet. I starten bomma One Piece på å finna ein god balanse. På grunn av dette, er overgangen mellom morosame og seriøse scenar unaturlege og øydela flyten i serien.

Seinare er ikkje dette eit problem. Serien tar meir i bruk dei komiske elementa utan at det øydelegg for den seriøse tonen i forteljinga. Samtidig forstår One Piece at dei komiske og ekstravagante aspekta er essensielle delar av mangaen, derfor prøvar han ikkje å endra på for eksempel karakterdesigna, ikkje-menneskelege element eller verdsdesignet. Serien let seg vera ekstravagant og eventyrleg, slik som ein animeserie burde vera.

Ein ser fort at One Piece legg stor vekt på slåstkampar. Slåstkampane er ikkje berre tankelause actionscenar, dei blir nytta til å utvikla plottet vidare. Dei fortel også noko om motivasjonane til karakterane, og måten kvar karakter slåst på er unik for kvar av dei.

Sjølve slåstkampane er koreografert med genuin kjærleik for den originale materien. Mange av skodespelarane gjer sine eigne stunt og slåstkampar, og serien har spektakulære effektar. Derfor har serien meir fridom med kinematografi under slåstkampane. Dette skapar ein kreativ og dynamisk kamerabruk, og saman med flinke skodespelarar blir slåstkampane utruleg kjekke å sjå på.

For dei av oss som ikkje orkar å lesa 100 volum av One Piece, er denne realfilm-versjonen av mangaen ei god erstatning. Serien klarar å fanga essensen av One Piece og gjer det på sin eigen måte.

Når ein ser ferdig sesongen, sit ein igjen med å ville ha meir. For meg var det ikkje nok med denne sesongen. Mens eg ventar på sesong to, skal eg lesa ferdig alle voluma av One Piece.

Samla terningkast: 5


Meldarsatsinga vår er ein del av prosjektet «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.