logo-framtida Nyhende- og debattavisa for unge
MENYLUKK
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema
TIPS OSS
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
TIPS OSS
Rosario Dawson er god i rolla som Ahsoka, difor er det dumt manuset ikkje er betre. Foto: ©2023 Lucasfilm Ltd. & TM. All Rights Reserved.

Seriemelding: Ahsoka – når har vi fått nok Star Wars?

Fint å sjå på for dei som vil ha meir Star Wars, men Ahsoka blir halde tilbake av Marvel-formelen, meiner Ola Birgitsønn Vik.

Ola Birgitsønn Vik
Publisert 23.08.2023 14:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne meldinga er basert på dei to fyrste episodane på Disney+, resten kjem ut i løpet av dei neste seks vekene.

Star Wars har ei lang historie som ein av dei mest toneangivande og innflytelsesrike action og sci-fi seriane nokosinne. Men klarer Ahsoka å stå på eigne bein, eller er det berre verdt å sjå på for dei som ikkje kan få nok Star Wars?

Serien handlar om Ahsoka Tano (Rosario Dawson), Anakin Skywalker sin tidlegare elev. Ho er på jakt etter ein av dei siste attlevande leiarane frå det Galaktiske Imperiet. Han har visstnok informasjon om kvar Ahsokas forsvunne venn Ezra held til, som kan hjelpe dei å stoppe ein intergalaktisk krig.

Saman med sin robot-kamerat Huyang (David Tenant) reiser dei rundt og finn spor og slost og får nye vennar i eit kappløp mot dei vonde skurkane. Hittil har ikkje handlinga vore særleg spennande, men det skal seiast at episode to var betre enn den fyrste. Serien kan best samanliknast med droiden Huyang; heilt ok i augeblikket, men vi har sett mykje betre før.

Ahsoka er ein målretta jedi som vil ha det som ho vil. Ho er ikkje redd for å bruke vald, og har ikkje mange nære vennar. Ho har fokus på å få jobben gjort, og slit med å ta vare på den familien ho har.

Problemet er at denne stoiske haldninga får ho til å verke både overlegen og uinteressert. Då blir det vanskeleg å tru på at ho verkeleg bryr seg om å redde venen sin.

Sabine Wren (Natasha Liu Bordizzo) er ein karakter frå serien «Star Wars Rebels» som gjer eit comeback. Den forsvunne Ezra var også med i same serie, så Sabine vil også gjerne finne han igjen. Ho blir introdusert på ein motorsykkel, i høg fart mens ho køyrer frå autoritetane med rockemusikk i bakgrunnen. Ho skal openbert vere kul, sånn som vi ungdomar likar. 

Natasha Liu Bordizzo levandegjer Sabine Wren, kjend frå Star Wars Rebels. Foto: ©2023 Lucasfilm Ltd. & TM. All Rights Reserved.

Sabine er Ahsokas tidlegare elev, utan at eg heilt klarar å sjå at dei har noko kjemi. I samtalar er ho sarkastisk, men humoren landar ikkje heilt for meg.

Det følast ut som dialogen er henta ut frå kva som helst Marvel-film, ein veldig trygg, men oppbrukt, humorstil.

Skodespelarprestasjonane er jamt over gode. Det er flott å sjå så mange kvinnelege karakterar i fokus, spesielt i eit mannsdominert univers som Star Wars. Då er det ekstra dumt at handlinga ikkje er veldig engasjerande, og dialogen er stiv og livlaus.

Actionen er fin å sjå på og godt spreidd utover episodane. I ei verd der hovudpersonane har magiske evner og lasersverd er det vanskeleg å finne verdige motstandarar. Situasjonen verkar ikkje særleg faretruande ut med mindre dei slost mot hovudskurkane. Men det er gøy å sjå folk pløye ned robotar med lasersverd ein gong i blant også.

Serien følgjer Star Wars sin tradisjon med eit sterkt visuelt uttrykk. Foto: ©2023 Lucasfilm Ltd. & TM. All Rights Reserved.

Det estetiske har alltid vore ein av Star Wars sine sterkaste sider. Alle kjenner til lyden av eit lasersverd og John Williams musikk til dei originale filmane. Serieskaperane har gjort ein god jobb å følgje opp denne enorme arven, sjølv om dei aldri heilt når dei same høgdene. Musikken av Kevin Kiner er stor orkestermusikk, og han er flink til å sette stemninga på alle dei ulike planetane og romskipa.

Eit av høgdepunkta er det dystre temaet til skurkane, der eit piano er med på å spele noko som høyrest ut som ein gravferdsmarsj.

Serien er fin å sjå på reint visuelt. Ahsoka, og Star Wars generelt, skil seg frå andre sci-fi-seriar som har futuristiske skip og planetar med reine overflater. Her er universet fylt av støv, rust og søppel. Det er også gøy å sjå på alle dei skrullete romvesena som er med. I kjend Star Wars-tradisjon har dei med eit søtt dyr, her i form av Sabine sitt kjæledyr, ein katt med froskeansikt og kyllingbein. Og eg blir alltid veldig glad når eg ser fiskevesen og grøne karakterar i bakgrunnen av det som elles er ei veldig seriøs scene.

Ein Loth-katt følgjer Sabine Wren (Natasha Liu Bordizzo) i Star Wars: Ashoka på Disney+. ©2023 Lucasfilm Ltd. & TM. All Rights Reserved.

Serien blir halde tilbake av Marvel-modellen, kor alle filmane og seriane heng saman. Kvar gong eit kjent namn blir nemnd stoppar scena opp, som om dei forventar jubel og applaus frå publikum. Dei bruker lang tid på å introdusere karakterane. Likevel føler dei eit behov for å bruke lang tid på å introdusere dei etterpå, med lange actionscener og samtalar om kva dei kjempar og står for.

Eg vil mykje heller lære å kjenne dei gjennom serien, heller enn å bli fortalt at eg burde bry meg.

Det er fint dei tar omsyn til oss som ikkje har følgt med på alle dei nye seriane, men det er ein litt treig måte å starte ein serie på. Det er litt som når ikkje alle i klassa gjorde heimeleksa, og læraren må gå gjennom det som er kjend stoff for mange allereie, før dei kan starte på noko nytt og spanande.

Ahsoka følgjer i fotspora til dei andre Star Wars-seriane som har kome ut dei siste åra; ikkje særleg spanande eller engasjerande, men fint å sjå på for dei som vil ha meir Star Wars i liva sine.


Meldarsatsinga vår er ein del av prosjektet «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.


  • Les også Oppenheimer: Den perfekte filmatiseringa av ei sann hending 

Cillian Murphy speler hovedrolla i den nye storfilmen Oppenheimer. Foto: © Universal Studios. All Rights Reserved.

Ahsoka

Nasjonalitet/språk: USA/Engelsk

Noregspremiere: 23.08.23

Regi: Dave Filoni

Utgjevar: Disney+

Aldersgrense: 12 år

Sjanger: Sci-Fi, Action

  • KULTUR
  • Melding
  • Seriemelding
  • Ung og kritisk
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Relaterte saker

The Legend of Ochi: – Overraskingane er sjeldan kost

Thunderbolts* – har Marvel lært av sine fiaskoar?

Onkel Jens: – Den dramatiske kjernen kjem rett frå hjartet

Framtida logo

Nyhende- og debattavisa for unge – Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig avis, som har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til unge.

Ansvarleg redaktør: Andrea Rygg Nøttveit

Stortorvet 10, 0155 Oslo.

Ved å bruka Framtida.no aksepterer du bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvernpolitikken vår.

  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema

Følg

Tips
Send epost til
tips@framtida.no
eller ring redaktør
Andrea Rygg Nøttveit:
481 40 342

Takk for støtta:

  • logo-fagforbundet
  • logo-abc-startsiden
  • logo-lnk
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir! Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy

Privacy Overview

This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary
Always Enabled
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Non-necessary
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.
SAVE & ACCEPT