Oppskrift: Koreansk vassmelondessert


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne oppskrifta vart fyrst publisert av systeravisa vår Framtida Junior.
På koreansk heiter denne retten subak hwachae.
Dette treng du:
- 1 vassmelon
- Mjølk
- Sprite
- Fruktcocktail
- Isbitar

Viss du ikkje liker mjølk, kan du lage desserten utan. Foto: Synne Ulltang
Slik gjer du:
- Skjer vassmelonen i to.

Den andre halvdelen kan du legge i kjøleskapet. Foto: Synne Ulltang
2. Grav ut innhaldet i den halve vassmelonen. Viss du har ei rund iskremskei eller liknande, kan du bruke det for å få runde bitar. Det er ikkje så farleg om ikkje alle bitane blir like fine.

Viss ikkje du har ei rund skei, kan du bruke ein kniv og skjere firkanta bitar ut av melonen. Foto: Synne Ulltang
3. Når du har tatt ut alle bitane frå melonen, har du fått ei melonskål.

Du kan skjere eit mønster på kanten av melonskåla viss du vil. Foto: Synne Ulltang
4. Putt alle melonbitane tilbake i melonskåla. Legg til litt av fruktcocktailen.

Du kan også bruke bær eller andre frukter som du liker. Foto: Synne Ulltang
5. Tøm oppi litt av mjølka og litt av Sprite-brusen.

Du kan bruke så mykje eller lite av mjølk og brus som du liker. Foto: Synne Ulltang
6. Avslutt med isbitar. Bland alt saman og nyt!

Du kan servere desserten i små skåler. Foto: Synne Ulltang