Jenter i Afghanistan får ikkje gå på skulen

Synne Ulltang
Publisert
Oppdatert 02.09.2023 20:09

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior, søsteravisa til Framtida.no.

15. august blei kampanjen #AfghanGirlsVoices lansert i sosiale medium. Den dagen var det akkurat to år sidan Taliban tok over makta i Afghanistan.

Taliban meiner at jenter ikkje skal gå på skulen etter at dei har fylt 12 år. Afghanistan er derfor no det einaste landet i verda der jenter ikkje får gå på ungdomsskulen, vidaregåande eller universitetet.

Illustrasjon av trist jente med bok.

«Eg vil ha skulen og klassane tilbake, eg vil ha bøkene mine tilbake, eg vil ha klassekameratane mine tilbake, eg vil ha fridommen min tilbake, eg vil ha livet mitt tilbake.»

Bilde med sitat frå afghanske jenter

– Det eg liker best med denne kampanjen, er at ein høyrer frå jenter og unge kvinner sjølv, og ikkje gjennom vaksne som snakkar på deira vegner, seier kommunikasjonsrådgivar Iselin Løvslett Danbolt i FN-sambandet.

FN jobbar for at skuleforbodet skal bli oppheva, og denne kampanjen er ein av måtane dei gjer det på.

VIKTIG Å SNAKKE OM: Iselin Løvslett Danbolt i FN-sambandet foreslår at situasjonen til jenter i Afghanistan blir snakka om på skulen. Foto: Thuy Nguyen

– Alle bilda som blir brukte i kampanjen er laga av ein ung kvinneleg kunstnar frå landet. På kvart bilde står eit sitat frå ei ungdomsjente. Sitata handlar om kvifor utdanning er så viktig for dei, og kva deira draumar og ambisjonar er, seier Iselin.

Verst i verda

Situasjonen er veldig vanskeleg for mange i Afghanistan i dag, og spesielt for jenter og kvinner over 12 år.

 

– FN-ekspertar meiner at situasjonen til jenter og kvinner der er den verste i heile verda, seier Iselin.

I januar i år drog ei gruppe frå FN til hovudstaden Kabul for å snakke med Taliban og prøve å få dei til å endre meining.

– Sjølv om dette ikkje umiddelbart førte til endring, er mange einige i at å snakke med Taliban er det einaste som vil hjelpe, seier Iselin.

FN-kampanjen varer fram til 18. september. Det er datoen Taliban innførte skuleforbod for jenter over 12 år.

Illustrasjon av trist jente med blome i håret og lenker rundt seg.

«Dei stengde dørene til skulane, men dei kan ikkje stenge døra til tankane mine.»


Ung kvinne med leppestift, utslått hår og vinterjakke

Aktivist Hoda Khamosh (27) har utmerka seg med sin motstand mot Taliban-regimet kamp for kvinners rettar i heimlandet Afghanistan.