Framtida
Publisert
Oppdatert 11.12.2023 15:12

Det er inga hemmelegheit at livet til ein barneskodespelar byr på utfordringar. Særleg når eksempel som Lindsay Lohan, Macaulay Culkin og Miley Cyrus’ eksplosive og offentlege skandalar dukkar opp i minnet. 

Jennette McCurdy avslutta i 2017 ein lang skodespelarkarriere som hadde stagnert etter tida i Nickelodeon. Etter det har ho fokusert på skriving og fjorårets bestseljar Jeg er glad mamma døde kjem frå eit einkvinnesshow med same namn, som blei til ei bok under pandemien. Boka er omsett til norsk av Kjersti Veland.

Les fleire bokmeldingar her!

Før og etter døden

Heilt frå tidleg barndom har mora, Debra, ønska at Jennette skulle nå draumane ho sjølv aldri fekk oppfylt, nemleg å bli ein rik og berømt skodespelar. Boka er delt i to, før og etter mora døyr, og me følgjer Jennette gjennom fleire definerande augeblikk i livet.

Frå moras kreftdiagnose og kamp, den fysiske og psykiske mishandlinga mora utøver mot familien, den påtvinga skodespelarkarrieren og tvangsliding og eteforstyrringar.

I oppveksten er det mykje som ikkje stemmer i familien, og McCurdy beskriv det som at «hele huset holdt pusten.»

Tidleg stikk moras vekevise videovising seg ut. Då ho var døyande laga ho ein video som familien ser kvar søndag etter kyrkja. For Jennette og dei tre brørne er det like ubehageleg kvar gong. I tillegg opplever ho enorm skam fordi mora alltid påpeiker kor kjip den då to år gamle Jennette var som ikkje forstod alvoret. 

Standup-manus

Kvart kapittel tar føre seg ein episode i livet til forfattaren. Dei er stort sett ikkje meir enn to-tre sider per kapittel, noko som gjer at lesinga går raskt, men gir nok ikkje like mykje rom for refleksjon i byrjinga. Språket i boka følgjer alderen til forfattaren. Den munnlege tonen er til å starta med barnleg og understrekar dei sterke emosjonane til den unge jenta. 

Humor er for mange den beste medisinen når ein skal snakka om traume. Han bryt opp ein elles emosjonelt krevjande tekst, som då sorga etter mora dempar appetitten til Jennette, som har levd med eteforstyrring sidan ho var 11 år. «Joda, mamma er død, men i det minste spiser jeg ikke».

Men det hender ofte at humoren ikkje treffer like godt og ein får kjensla av at ein les eit standup-manus som heller burde vore framført på ei scene.

Modnare språk

Etter andre del av boka, då mora har døydd etter lengre tids sjukdom, modnast språket og me får meir refleksjon rundt livet til forfattaren. For lesaren er det lett å sjå at mora mishandlar barnet sitt, men å erkjenna det sjølv er inga lett sak. Korleis kan forsørgjaren din forsømma deg så grovt? 

Det er sår og brutal lesing. McCurdy skortar ikkje på sensasjonelle avsløringar om mora, tida i Nickelodeon eller det uheldige kjærleikslivet.

Og det kjennest forferdeleg ekte.


Les også: Hjertestopper-romanen «Nick og Charlie»: – Lite interessant

Alice Oseman har skrive den bestseljande teikneserieromanen «Hjertestopper». «Nick og Charlie» er frå same univers. Foto: Gyldendal/Hachette UK Limited

 

«Jeg er glad mamma døde»

  • Originaltittel: «I’m Glad My Mom Died»
  • Forfattar: Jennette McCurdy (f. 1992)
  • Omsettar: Kjersti Veland
  • Forlag: Kagge
  • Utgjeve: 2023
  • Sjanger: Sjølvbiografi