Stemma til Mario legg opp etter 27 år

Marie Wilberg
Publisert

Etter 27 år legg den kjende stemma til Mario opp, skriv Nintendo i ein tweet 21. august.

Samtidig annonserer dei ei ny rolle, kalla «Mario Ambassador», som Martinet skal ha stemma til. Dei har ikkje annonsert kven som skal ta over den gamle jobben til Martinet.

Nintendo avslørar i same tweet at det skal kome ei spesiell videohelsing frå Martinet og Mario-skaparen Shigeru Miyamoto. Datoen for dette er ikkje offentleggjort enda.

Charles Martinet har hatt originalstemma til Mario i Nintendo-spel sidan Super Mario 64, som kom i 1996.

Det var her han blei kjent blant millionar av spelarar, for ropa som «Mamma mia!» og «Wahoo!».

Martinet har også vore innom andre Nintendo-karakterar, som blant anna Luigi, Wario og Waluigi, skriv Engadget.

Det er usikkert kva for eit spel som blir det siste Martinet er med i, men Nintendo har bekrefta overfor Kotaku at han ikkje kjem til å vere involvert i den nye Super Mario Bros. Wonder, som kjem 20. oktober i år.


Les meir: Dataspel: Pikmin 4 – eit idyllisk redningsoppdrag

Pikmin 4 er eit fargerikt spel der små romvesen må reddast. Illustrasjon: Nintendo