Dataspel: Pikmin 4 – eit idyllisk redningsoppdrag

Anette Fadnes Marcussen
Publisert

Pikmin er ein tittel som gjerne blir gløymt når det er snakk om Nintendo. Folk tenkjer «Mario», «Zelda», «Animal Crossing», kanskje til og med «Kirby» før «Pikmin» kjem opp. Sjølv har eg lite erfaring med «Pikmin». Det einaste eg hadde vore borti før eg sat med «Pikmin 4» i henda var eit minispel i eit Wii-spel som heitte «Nintendo Land».

«Pikmin» for meg var desse søte, små vesena i raudt, blått og gult som hadde blomar på hovudet. Og det var for så vidt rett, det, men spelserien «Pikmin» er så mykje meir enn det. 

Redningsoppdrag

I «Pikmin 4» spelar du som eit menneskeliknande romvesen som har krasjlanda. Du og resten av crewet reiste ut for å redde Olimar, som er stranda på planeten PNF-404, men enda opp med å måtte reddast sjølv. Oppdraget ditt er å finne og redde alle dei andre som var saman med deg i raketten.

Oatchi kan grave, knuse ting og til og med bere deg på ryggen sin. Skjermdump

Din første sidekick er Oatchi, ein gul pelsdott som liknar ein hund. Oatchi kan grave, knuse ting og til og med bere deg på ryggen sin.

To av dei som blir funne innan ein time in-game er Collin og Shepherd, saman med romskipet. Dei fire hjelper kvarandre å finne fleire sakna medlem av romskipet, samtidig som dei prøvar å fikse det som blei øydelagt i krasjlandinga. For å gjere det må du finne sparklium. Sparklium samlast i form av ting som er mista på bakken av menneske: leiketøy, frukt, toalettsaker og så vidare. Desse blir sendt opp i romskipet for å utvide scanneren. 

Diverse sparklium samla og dei gøyale namna dei får. Skjermdump

Etter mykje snakk får du gå rundt og samle sparklium og utforske litt. Du finn på dette tidspunktet ein Pikmin Onion. Det er denne som produserer Pikmin. Ifølgje Shepherd verkar det som om pikmin frivillig har lyst til å hjelpe deg. Det blir ikkje forklart nøyaktig kvifor.

Med hjelpa til Pikmin derimot, kan du frakte diverse ting som inneheld sparklium til romskipet, og er dermed i gong med det første hovudoppdraget. 

Grafikk: 6/6

Terningkast 6Visuelt er «Pikmin 4» heilt nydeleg. Det følast som å gå rundt på bakkenivå med eit kamera med macrolinse. Det er detaljar du elles kanskje ikkje får med deg i kvardagsrushet. Personleg er ein av tinga eg likar aller best med spelet å bruke 50 små pikmin til å bere ein melon bort til romskipet. Det er eit perspektiv du sjeldan får moglegheita til å sjå gjennom.

Lyd og musikk: 6/6

Terningkast 6Lydeffektane får den klaraste seksaren av alle. Musikken er laid-back, roleg og mest i bakgrunnen. Det er ikkje det elementet som er lagt mest vekt på i «Pikmin 4», men likevel eit element som gir glede visst lagt merke til.

Noko som gjer turen med melonen bort til romskipet enda betre er Pikminsa sine små stemmer som seier «hip, hoo, hip, hoo» i takt mens dei ber. Visst du går lenge nok utan å gjere noko byrjar dei ofte å nynne oppå ryggen til Oatchi. Lyden av vind som susar i graset, grashopper som surrar og noko eg følar er lyden av solstrålar som treffer overflata av jorda. Med andre ord er musikken den forbetra bakgrunnslyden til ein søndagstur. Idyllisk. 

Pikmin hjelper deg å frakta sparklium til romskipet. Skjermdump.

Innhald og historie: 5/6

Terningkast 5«Pikmin 4» er eit repeterande spel. Du samlar sparklium, du får fleire pikmin og du reddar andre som er stranda på planeten. Ofte får du moglegheita til å hoppe ned i grotter, eller spele noko som liknar minispel for å redde enda fleire folk.

Når eg finn eit minispel tenkjer eg at eg heller vil utforske meir, men så snart eg hoppar inn i det er det veldig gøy. I minispela spelar du mot det du og crewet ditt går ut ifrå er Olimar og hunden hans. Det er eit kappløp, ofte på rundt 5 minutt, der du og Olimar kjempar om å samle mest mogleg sparklium. Visst du vinn, får du med deg personen Olimar har tatt så du kan redde dei. 

I «Pikmin 4» verkar Olimar å vera ein antagonist. Det følast som om han ikkje vil bli redda, sjølv om det er det du og crewet kom dit for. I tillegg har han fått denne planteaktige huda. Alle dei du reddar med å vinne over Olimar ser òg sånn ut. Dei får namnet leaflings. Dette er eitt av mysteria i «Pikmin 4». Kvifor ser dei slik ut? 

Du reddar mange leaflings og samlar masse sparklium, spelar minispel og utforskar meir. Repetisjon kan på mange måtar vere ei god oppskrift på eit spel. Spel som «Animal Crossing» og «Stardew Valley» repeterer på den måten at du vaknar om morgonen, gjer det daglege og legg deg igjen. Mange mobilspel spelar òg på repetisjon. «Pikmin 4» har brukt nokre av ingrediensane i denne oppskrifta. Du må alltid heim før det blir mørkt, og så snart du har reist tilbake, startar ein ny dag.

Men du kjem alltid litt lengre, og det er det som gjer det gøy. Det får vere opp til spelaren om denne typen repetisjon er bra eller ikkje. Personleg er eg veldig glad i det. 

Ispikmin kan, som alle, bere for deg og slåst mot monster, men han kan òg fryse ting. Skjermdump.

Ein annan motivasjon i «Pikmin 4» er å låse opp nye typar Pikmin. Ein kan nesten ikkje snakke om «Pikmin»-serien utan å nemne ein raud eller ein blå ein.

Den første typen pikmin du får er den raude – den klassiske pikminen. Denne typen pikmin toler òg flammar. Mot eit flammepustande monster vil andre pikmin døy, mens den raude står igjen. Seinare får du den gule pikminen. Denne typen toler elektrisitet, men kan òg kastast enda lenger, og nå ting som er høgare oppe enn andre pikmin kan. Andre pikmintypar er den blå og toler vatn, ispikminen kan fryse ting, steinpikminen har høgare defense og den lilla pikminen er mykje tyngre enn vanlege pikmin.

Dette er nokre av dei du kan finne ute i den store verda til «Pikmin 4». Det å finne ein ny type er like gøy som å finne ut kva type du skal bruke til forskjellige oppdrag. 

Raude pikmin toler flammar. Skjermdump

PengarPris: 600–700 kroner

Som alltid er prisen til Nintendo litt stiv. Det varierer mellom 600 og 700 kroner, alt etter kor du kjøper det. Likevel synest eg det er ein grei pris. Ein tommelfingerregel er at om eit spel kostar 700 kroner så bør du kunne spele det i minst 70 timar. Med denne regelen i tankane er prisen akkurat det den burde vere. Der eg er no i «Pikmin 4» ser eg for meg at det eg godt mogleg å spele det i over 70 timar. 

Oppsummert

Terningkast 5«Pikmin 4» er kort sagt eit fint spel. Det er fint å sjå på, koseleg å gå rundt å utforske i og ikkje minst sjå på dei søte pikminsane som går rundt og nynnar, ber og hjelper deg. Folk som er interessert i natur, men ikkje orkar å gå ut sjølv burde kjøpe «Pikmin 4»


Meldarsatsinga vår er ein del av prosjektet «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.


Bilete av spelkarakteren Link og terningkast 5

The Legend of Zelda: The Tears of the Kingdom er eit spel fansen har venta lenge på. Framtida.no sin meldar er ikkje noko unntak og trillar 5 på terningen. Illustrasjon: Nintendo

«Ung og kritisk»

Meldarsatsinga til Framtida.no er ein del av prosjektet «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.