Diplom-Is nyttar framleis gammal logo
For tre år sidan bestemte Diplom-Is seg for å kvitte seg med inuitten i logoen sin. Framleis blir figuren brukt i reklame kvar dag.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det skriv NRK.
Eskimonika, inuitt-jenta i logoen, blei bestemt fjerna allereie for tre år sidan i ein periode med ein kraftig og betent urfolksdebatt.
NRK har gjort stikkprøver, og Eskimonika finst på ispakkar i butikken, på isbil-appen for forbrukarar, i reklamefilm på nettsida og YouTube, og på bilar på vegane i Noreg.
– Vi ser poenget, og erkjenner at dette har teke lengre tid enn planlagt, seier Martin Kjekshus, som er administrerande direktør i Diplom-Is til rikskringkastaren.
– Dei siste åra har vore utfordrande økonomisk for Diplom-Is, og då har vi valt å prioritere andre ting enn å omprofilere bilane våre, seier Kjekshus.
Diplom-Is opplyser òg at gammal emballasje vil bli brukt opp før ny dukkar opp.

Illustrasjonsfoto frå parlamentet i New Zealand. Foto: Parliamentary Service