Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 19.06.2023 13:06

– Dyra og plantane har utvikla seg over mange millionar år for å vere tilpassa akkurat det leveviset dei har og det miljøet dei bur i. Då kan det hende dei gjer ting som verkar veldig merkelege for oss, men som er veldig smart for dei. Difor er det også viktig at vi tek godt vare på miljøet dei bur i.

Det skriv biolog Hanna Nyborg Støstad (33) i ein e-post til Framtida.no.

Babybobla

Nyleg fekk ho Ordknappen for den populærvitskapelege boka Eventyrlige dyr, gitt ut på Cappelen Damm.

Evolusjonsbiologen vil gjerne formidle at naturen er fantastisk og spennande og merkeleg, men at det er gode grunnar til at han er så merkeleg.

– Kva av bøkene ville du helst sett filmatisert i dokumentarformat – og kven ville du hatt som historieforteljar?

– Ein av mine store inspirasjonar for bøkene mine er jo naturdokumentar-seriane til David Attenborough, for eksempel Planet Earth. Så det er klart at det hadde vore ein draum å få det til andre vegen også, at David Attenborough var forteljarstemma på dokumentarserien til Eventyrlige dyr!

Me har teke ein kikk i bokhylla til den engasjerte formidlaren:

Artenes opprinnelse eller Alkymisten

For forfattaren og biologen er ei god bok ei ho ikkje kan leggje frå seg.

– Ho må ha ein drivande «story» – ein må vere nysgjerrig på kva som skjer vidare. All verdas mest interessante fakta er ikkje nok, om ein ikkje har ei bra oppbygging og historie som driv boka framover. Den beste sakprosaen er den som klarar å kombinere interessante fakta med ei god, drivande historie.

– Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– Alle evolusjonsbiologar skulle vel ønskje dei hadde skrive Artenes opprinnelse, som jo Charles Darwin skreiv i si tid. Men eigentleg skulle eg nok ønskje at eg var romanforfattar og skreiv noko skikkeleg episk – for eksempel Alkymisten av Paulo Coelho, eller klimakvartetten til Maja Lunde.

Nyborg Støstad rosar Lunde for å få folk til å relatere til klima- og naturkrisa på ein meir emosjonell måte.

Fantasy og populærvitskap

Når den populærvitskapelege forfattaren og formidlaren svarar på bokspalta kjenner ho seg aller mest igjen i gravide Hanne i Tegnehanne si bok om babybobla, Bare vent!

Vanlegvis likar Nyborg Støstad godt bøker som er litt eventyraktige, anten ordentleg fantasy eller bøker som har noko litt storslått eller episk over seg.

– Eg les også ein god del populærvitskap, men om eg skal vere ærleg så skal det vere ei veldig god faktabok for at eg blir ordentleg fanga, sidan det fort liknar litt på jobb å lese dei. Eg likar nok aller best eit skikkeleg godt eventyr.

– Kor les du helst?

– Helst på terrassen i hagen ein roleg solfylt dag, då kosar eg meg. Men eg tar også med ein Kindle overalt. For eksempel har eg lese ein del på venterommet på sjukehuset i det siste, sidan eg er gravid og det har blitt litt venting der for blodprøvar og slikt.

– Kva bok ligg på nattbordet ditt? 

– Akkurat no er det Great Circle av Maggie Shipstead. Og samstundes les eg 40 uker av Anna Blix. Det er fint å ha både ein roman og noko populærvitskap å lese i, så kan eg byte på litt etter humøret.

Korthåra kvinne i cockpiten på eit fly.

Den fiktive hovudpersonen The Great Cirle er den kvinnelege flygaren Marian Graves, som forsvann medan ho freista å fly jorda rundt. På biletet er Amelia Earhart, som vart første kvinne til å fly over Atlanteren. Foto: Harris & Ewing/Library of Congress’s Prints and Photographs division

Kvinnene i The Wheel of Time

Ringenes Herre av J.R.R. Tolkien har hatt stor påverknad, men endå sterkare inntrykk gjorde Robert Jordan sin store fantasyserie The Wheel of Time.

– Den var for det første veldig oppslukande og eg gledde meg til å kome heim frå skulen så eg kunne lese, men det var også nokre sterke kvinnelege karakterar der, som påverka og inspirerte meg til å ta litt meir plass i mitt eige liv og stå opp for meg sjølv, minnest Nyborg Støstad.

– I dei fleste fantasybøkene eg hadde lese var jentene berre statistar, mens her fekk dei i det minste ei aktiv rolle i historia og let seg ikkje pelle på nasen av andre. Eg hugsar at eg først ønska at eg var slik som jentene i bøkene – og så skjønte eg etter kvart at eg rett og slett kunne oppføre meg litt meir som dei, om det var slik eg ville vere. Det var ei frigjerande innsikt for ein litt sjenert bokorm og hestejente.

Nyborg Støstad peikar på at The Wheel of Time kjem som TV-serie, men er klår på at bøkene er best.

The Wheel of Time sesong 2 kjem ut i 2023. Foto: Amazon Prime

Tolkien livet ut

– Kva bok eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Siri Pettersen – ho er kanskje ikkje undervurdert, sidan ho har fått mange gode meldingar og anerkjenning, men eg synest nesten ho burde vore verdskjent for dei fantastiske seriane om Ravneringene og Jernulven. I alle fall rikskjendis.

Men om ho skulle lese ein forfattar resten av livet måtte det blitt ein som har skrive veldig mange bøker.

– Eg trur eg går for Tolkien, der er det mykje å grave seg ned i.

Inviterer forfattar-mor på middag

Nyborg Støstad fortel at foreldra var veldig flinke til å lese for søskenflokken då dei var små. 

– Mine favorittar trur eg var Astrid Lindgren sine bøker, illustrert av Ilon Wikland – Vår i bakkebygrenda, Jo visst kan Lotta sykle! og Se, Marikken, det snør! Og ikkje minst den fantastisk vakre Blomsterfesten av Elsa Beskow.

Og om det var ein forfattar Hanna Nyborg Støstad skulle invitert på middag, hadde ho ikkje gått lenger enn til mor si, Karine Nyborg.

– Ho har eg nemleg invitert på middag i dag, og ho er (blant mykje anna) forfattar. Det verkar hyggelegare enn å skulle prøve å halde samtalen gåande gjennom ein heil middag med ein eller annan kjendis som eg ikkje anar om er hyggeleg eller ikkje …


Foto: Oda Berby / Aschehoug / kollasj Framtida.no

Hanna Nyborg Støstad

  • Alder: 33
  • Frå: Oslo
  • Utdanning: Doktorgrad i biologi, Naturhistorisk museum i Oslo
  • Yrke: Biolog (rådgjevar i Miljødirektoratet)
  • Tal på lesne bøker årleg: Ikkje så mykje som eg trur sjølv! Kanskje rundt 15–20 bøker i året, inkludert kortare populærvitskaplege bøker.