Vekas viktigaste: Ekstremvêr, elektrifisering og hjernehinnebetennelse

Åshild Slåen
Publisert

Stormen «Hans» har herja i Noreg

Brunt vatn rundt bygningar.

Ekstremvêret «Hans» har blant anna ført til overfløyming i Dokka sentrum.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

I helga vart det sendt ut raudt farevarsel for Austlandet, særleg i Innlandet og Viken, på grunn av uvêret «Hans». Måndag, tysdag og onsdag var det store mengder nedbør, som har ført til både flaum og skred fleire stader.

Det har ført til skader på ein milliard kroner, ifølgje Finans Norge.

Nærmare 4000 personar er evakuert frå heimane sine på grunn av stormen. I tillegg er det snakk om øydelagde hus, kollapsa demningar, og bruer som står i fare for å bli øydelagde.

Regnet kom hovudsakleg i innlandskommunar, men vatnet kjem etter kvart mot kysten, og det er difor beredskap for kva som kan skje der også. Storelva i Hønefoss er venta å nå nivået til ein 50-årsflaum, men kommunen set inn tiltak tilsvarande ein 500-årsflaum, og Drammenvassdraget er venta å gå over sine breidder.

5-, 10-, 50-årsflaum osv. er omgrep brukt om flaumar for å vise kor sannsynleg det er at ein flaum av ein viss størrelse kjem til å skje. Det er til dømes 1 prosent sjanse for ein 100-årsflaum i løpet av eit år.


Presidentkandidat drepen i Ecuador

Sitjande mann i dress ser inn i kameraet.

Fernando Villavicencio i nasjonalforsamlinga 24 april 2023. Foto: Mauricio Muñoz / Asamblea Nacional

To veker før valet i Ecuador vart presidentkandidat Fernando Villavicencio skoten og drepen. Det skjedde onsdag etter eit valmøte i hovudstaden Quito. Villavicencio hadde sett seg i ein bil då ein person kom bort og skaut han.

I skotvekslinga som følgde vart gjerningspersonen og skoten og drepen, og fleire vart skada, inkludert to politimenn og ein annan politikar.

Guillermo Lass er den noverande presidenten i Ecuador, men stiller ikkje til val i år. Han har sagt at dei som sto bak drapet skal bli straffa, og skuldar på organisert kriminalitet. Kampanjen til Villavicencio har tidlegare sagt at dei har blitt truga av narkokartell.


Påvist hjernehinnebetennelse

Han tek ut ei vaksinedose med ei sprøyte.

Ungdom blir tilrådd å vaksinere seg mot hjernehinnebetennelse før russetida. Foto: Mufid Majnun via Unsplash

Ein 18 år gammal mann døydde tysdag i Bærum etter å ha fått hjernehinnebetennelse. Han vart smitta på russetur til den greske øya Ios i veke 30. Ifølgje Bærum kommune får alle som har vore på ei slik reise no tilbod om førebyggjande behandling i form av ein kur med antibiotikatablettar.

Det er forskjellige typar hjernehinnebetennelse: A, B, C, W og Y. B-typen er svært sjeldan i Noreg, blir sjeldan vaksinert for, og har ikkje vore påvist sidan 2014.

Det var denne B-typen som 18-åringen vart smitta med.


Skogbrann på Maui

Brann sett ovanfrå.

Nasjonalgarden driv med sløkkingsarbeid på Maui. Foto: Master Sgt. Andrew Jackson, Public domain, via Wikimedia Commons

Det har døydd minst 35 personar i skogsbrannane på Maui, den nest største av hawaiiøyane. Skogbrannen har spreidd seg fort dei siste dagane. Dette er delvis på grunn av vind frå orkanen Dora som no er rundt 80 mil sør for øya.

Guvernøren på Hawaii, Sylvia Luke, seier at det kjem til å ta årevis før dei kjem seg att etter denne naturkatastrofen.

Alle som ikkje er fastbuande har blitt tilrådd å reise frå øya, og dei siste dagane har opp til 13 000 personar blitt evakuert.


Vil elektrifisere gassanlegget på Melkøya

Gassanlegget på Melkøya. Foto: Janter, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

Måndag annonserte regjeringa at dei går inn for å elektrifisere gassanlegget på Melkøya i Finnmark. Dette er eit eksportanlegg for flytande naturgass, der gassen blir kjølt ned og transportert vidare til utlandet.

Anlegget blir no drive med kraft frå gass, som gir store utslepp av karbon, og Equinor har ønskt å gå over til å drive det med elektrisitet. Det vil truleg krevje mykje kraft, og betyr at ein må bygge ut straumnettet i regionen.

Nokre er bekymra for at det vil gå ut over kor godt straum og kraft blir prioritert i resten av Finnmark. Andre er bekymra for at det tyder auka utbygging av vindkraft på land, noko som kan gå ut over samiske område. Både politikarar i Senterpartiet og i Arbeidarpartiet er difor skeptiske til avgjerda frå eiga regjering.


✨Lyspunkt✨: 3000 år gammal pil laga av meteoritt

Pilspiss.

Pila på det naturhistoriske museet i Bern. Foto: zvg/Thomas Schüpbach, Naturhistorisk Museum i Bern.

I Sveits har forskarar stadfesta at ei 3000 år gamal pil er laga av jern frå ein meteoritt. Pila vart funnen på 1800-talet ved Mörigen i Sveits. Det er ikkje langt frå nedslagsfeltet til den såkalla Twanberg-meteoritten, og forskarane trudde difor at metallet pila var laga av kunne kome frå denne meteoritten.

No har det vist seg at metallet er frå ein meteoritt, men ikkje frå Twanberg-meteoritten. Kvar nøyaktig metallet til pila kjem frå er difor framleis eit mysterium.


Er du av typen som slit med å følgje med på nyheitene kvar einaste dag? Kvar veke har Framtida.no ei oppsummering av Vekas viktigaste.