Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Hovudpersonen Jim i boka mi «Narsissisten» kunne vore spelt av Timothée Chalamet frå nokre år tilbake, då han spelte i Call Me by Your Name. Det var ein fint laga film om ung rådløyse i møte med viktige livsval.

Erling Simon debuterer i haust med boka Narsissisten. Han er utdanna filosof, og har i tillegg studert ved Forfatterstudiet i Tromsø.

Vi har kika i bokhylla til forfattaren frå Trondheim!

Kor mykje les du sjølv?

– Jamt over les eg fleire bøker på ein gong. Minst halvparten av dei har eg lese mange gonger før. Perm til perm, 40-50 bøker i året?

Bokomslag.

Omslag: Press

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Solvej Balles Om utregning av romfang.

Kva bøker les du helst?

– Eg har ein fetisj for essay om kunst og litteratur. Innanfor skjønnlitteraturen har eg mine stamstadar, Tove Ditlevsen og Per Petterson for å nemne nokre blant dei skandinaviske. Så forsøker eg å følgje med, uansett sjanger.

Kor les du?

– Framføre peisen etter ein lang tur er kanskje hyggelegast, men er ikkje kresen.

Erling Simon. Foto: Privat

Kva bok vart lesen til deg som liten?

– Kan godt hugse at min kjære far las Mesterdetektiven Blomkvist (Astrid Lindgren) for meg på sengekanten.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Naiv.Super. av Erlend Loe.

Kva bok skulle du ønske du hadde skrive?

Ut og stjæle hester 

Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

Elena Ferrante.

Kollasj av bøkene Naiv.Super, Ut og stjæle hester og Mi briljante venninne

Bokomslag: Samlaget, Cappelen Damm, Forlaget Oktober, kollasj av Framtida.no.

Kva meiner du gjer ei bok god?

– At ho blir fortald på ein måte som gjer ho levande. Forteljarposisjonen, som min rettleiar Anne Oterholm alltid snakka om.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Eg hugsar eg las Henry Millers Tropic of Cancer då eg var 21 år og på loffen. Den gong var gjenkjenninga veldig umiddelbar. Sidan har det vore andre. No veit eg ikkje.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Platon! Berre å fyre opp grillen.

I dette måleriet kjem Diogenes med ein ribba kylling til Platon. Forfattar Erling Simon skulle gjerne fyrt opp grillen for Platon. Foto: Offentleg eigedom via Wikimedia Commons.

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Veit ikkje riktig om eg hadde hatt noko glede av å lese viss eg berre hadde ein å velje i. Pass!

– Eg får vel aldri igjen de timene jeg brukte på L’écriture et la différence av Derrida, seier Erling Simon om boka som får han til å tenkje. Eit anna minne er at han las LOTR på øyhopping i Hellas som 12-åring. Kollasj Framtida.no


Foto: Mark Kuznietsov/Unsplash.

Erling Simon

Alder: 33

Frå: Trondheim

Utdanning: Filosof, forfattar, sommelier

Yrke: Forfattar og publikumsansvarleg ved kunstmuseum