Edith Meek Allern
Publisert
Oppdatert 31.07.2023 08:07

På svaberg og strender. I breie vindauge, medan sola sig bak fjell eller palmar. På tog heim, eller heimanfrå. I hagar, parkar og langs fortauskafear, ser du dei. Folk som har funne sommarromanen sin.

«Ein treng ikkje reise så langt, når ein kan forsvinne inn i ei bok», seier dei kjekt.

«Hør her!» får du lyst til å skrike – medan du søler kva enn iskrem dei har tilgjengeleg utover boka deira – «det er faktisk ikkje alltid så lett å finne ei medrivande bok!» 

Heldigvis finst råd.

Vi har fått fem unge debutantar til å dele sine boktips til midtsommaren.

Erling Simon: dansk oppvekstroman om fattigdom

Erling Simon debuterte i 2023 med boka Narsissisten. Foto: Berre kommunikasjonsbyrå.

Erling Simon tilrår Hvis der skulle komme et menneske forbi av Thomas Korsgaard. 

Det er ei forteljing om å vekse opp i fattigdom i velferdsstaten Danmark. Korsgaard har vunne ei rekkje prisar og blir samanlikna med den franske forfattaren Édouard Louis.

– Ein god beach read. Korte kapittel og ikkje for tungt i varmen, forsikrar Erling Simon.

 

Monica Goksøyr: Oscar Wilde-klassikar og Sovjet-satire

Monica Goksøyr debuterte i 2023 med novellesamlinga Slemme jenter. Foto: Oda Berby/Aschehoug.

Omslag: Penguin Classics

– Eg safe’ar med ein klassikar og går for The Picture of Dorian Gray av Oscar Wilde, seier Monica Goksøyr.

Hovudpersonen Dorian Gray blir heilt trollbunden av sitt eiget portrett. Han får innvilga eit ønske om at portrettet skal eldast, i staden for han sjølv. Mot evig ungdom og skjønnheit, byter han sjela si. 

Goksøyr tilrår også Mesteren og Margarita av Mikhail Bulgakov, som ho sjølv las på togreise gjennom Europa ein sommar.

Omslag: Macmillan Collector’s Library

Boka speler seg ut på to nivå: ei historie frå Moskva under Stalin, ei anna frå Jerusalem. Ho er mellom anna blitt tolka som ei samanlikning av politiske forhold i Jerusalem og Moskva på 30-talet, og som ei satire over Sovjetunionen. Boka er rekna som hovudverket til Mikhail Bulgakov.

Omslag: Gyldendal

Elles er Rachel Cusk si storslåtte stillferdigheit eit ypparleg alternativ på stranda, rår Goksøyr.

Rachel Cusk har skrive ei rekkje bøker. Omriss-trilogien er hovudverket. Cusk har mellom anna også skrive både sakprosa og satire om å vere kvinne.

 

 

Ellen Harrison: 1300-tals riddardikt og Virginia Woolf-klassikar

Ellen Harrison debuterte i 2023 med Søv berre når du søv. Foto: Emma Sukalic

Omslag: Faber & Faber

– Å! For dei nysgjerrige og leikne diktlesarane Sir Gawain and The Green Knight omsett av Simon Armitage, tilrår Ellen Harrison. 

– Den er rar og fin, fortel ho.

Verket frå 1300-talet handlar om ein tapper riddar, Sir Gawain, og den farefulle reisa han gir seg ut på gjennom ukjend land med livstruande prøvar og kvinnelege forførarar. Han meistrer ikkje alle prøvane og kjem litt til kort i høve til riddaridealet.

Omslag: Skald forlag

– For dei tolmodige sommarmelankolikerane, kan eg også tilrå Til Fyret av Virginia Woolf, seier Harrison.

Til Fyret er eit av hovudverka til den britiske forfattaren Virginia Woolf. Rammeforteljinga er at Herr og Fru Ramsay og dei åtte barna deira skal komme seg til eit fyr. Boka kan lesast som ei gransking av livet til Woolf, ein feministklassikar, eller ei bok om å komme tilbake til og opne gamle hus. Ho er også ei oppvising i Woolf si karakteristiske skrivemåte og rike språk.

 

Tore Westre: teknologi-dystopi

Tore Westre debuterte i 2023 med Det er best sånn. Foto: Anna-Julia Granberg/ Blunderbuss

– Flowers for Algernon av Daniel Keyes, ho er fantastisk!

Omslag: Gateway

Det er rådet frå Tore Westre. I denne boka blir ei kvit mus ved namn Algernon brukt i vitskapelege eksperiment, som lykkast med å auke intelligensen til musa. Charlie Gordon, ein mann fødd med låg IQ som for alt i verda vil lære å lese og skrive, blir valt til å teste same eksperiment på menneske. Han blir ganske riktig eit supergeni. Korleis vil omgjevnadene møte han no? Blir han lykkelegare?

Ein dag går det gale for Algernon. Kva skal skje med Charlie då?

 

Lina Breidablik: nærleik, utanforskap og ekkokammer

Lina Breidablik debuterte i 2023 med romanen Heime aleine. Foto: Daniel Vikum.

Omslag: Gyldendal

Lina Breidablik tilrår Fuglane av Tarjei Vesaas.

Hovudverket til Vesaas handlar om Mattis. Han bur saman med søstera si, som slit med å skulle brødfø dei begge. Mattis har det vanskeleg med å vere på jobb, og i fleire sosiale situasjonar blir han stengd ute. Dei kallar han Tusten. Lesaren ser at Mattis er varm, omsorgsfull, og har ei vakker evne til å sjå mykje andre ikkje gjer.

– Ein heilt sikker vinnar som vil gjere sjølv den mest skuffande sommarferien litt større, meiner Breidablik. 

Omslag: Gyldendal

Breidablik legg også ved eit sakprosaalternativ: Ekko av Lena Lindgren.

Lena Lindgren nyttar den romerske poeten Ovid si skildring av myten om Narcissus og Ekko, for å stille ei samtidsdiagnose. Boka er ein prislønt kritikk av merksemdsøkonomi, algoritmar og ekkokammer.

– Med denne har ein nok av ting å snakke om, viss ferien skulle bli for lang, forsikrar Breidablik. 

 

 

 


  • Les også: I bokhylla: KI-forskar Inga Strümke ville lese vaksenbøker

KI-forskar Inga Strümke har gjort stor suksess med si første populærvitskaplege bok. Foto: Mona Hauglid/Kagge Forlag