Dyrehage må avgrense mobilbruk for gorillaer
Gjestar til Toronto Zoo viser for mykje mobilvideo til apene.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er ikkje berre barn som kan få for mykje skjermtid. Gorillaer er også utsette.
Ein dyrehage i Toronto, Canada, kom tidlegare i sommar med ein streng beskjed til gjestane sine:
“(…) ver så snill, la vere å vise dei videoar og bilete, sidan noko innhald kan vere forstyrrande og påverke forholda og åtferda deira i familien.»
Det var beskjeden som sto på glasveggen inn til gorillaene i dyrehagen i starten av juli. Gjestar har nemleg fått for vane å vise ting med mobilane sine til gorillaene.
– Vi vil berre at gorillaer får vere gorillaer, sa Hollie Ross, som er ansvarleg for dyra, om beskjeden.
Spesielt éin gorilla, Nassir fødd i 2009, har blitt svært oppteken av dei forskjellige tinga gjester har vist. Ifølgje ei skildring av han på nettsida til dyrehagen er han:
«Ein typisk tenåring, fascinert av videoar, og livet hans ville vore dominert av skjermtid dersom han fekk vilja si.»
– Eg trur han for det meste ser videoar av andre dyr. Likevel tenker eg det er viktig at han får henge med bror sin og vere ein gorilla, kommenterer Ross.
Å henge med bror sin er noko av det Nassir likar best når han ikkje er avhengig av mobilskjermar.

PÅ JOBB: Sage er med på hangarskipet for å auke trivselen til soldatane. Foto: Jackson Adkins, USAs marine.