Et unge meir sjømat om oppskriftene blir betre?

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Sjømatkonsumet blant unge vaksne i Noreg ligg langt under Helsedirektoratets tilrådingar på to til tre måltid per veke.

På oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet har Nofima undersøkt kva som påverkar sjømatforbruket blant unge som er gamle nok til å bestemme kva dei et. Deltakarane i undersøkinga var 949 unge vaksne mellom 18 og 35 år.

– Matlagingsferdigheiter og kunnskap er stikkord. Gode oppskrifter og kunnskap som gjer deg trygg på kjøkkenet, verkar å vere avgjerande faktorar for å få fleire til å ete fisk og annan sjømat, seier forskar Morten Heide i ei pressemelding frå Nofima.

Illustrasjonsfoto: Heidi Molstad Andresen / NPK

 

Han seier at undersøkinga tyder på at unge vaksne er meir utrygge på å lage sjømat enn mange andre typar mat, og at det er dei som generelt kan mest om matlaging som oftast set sjømat på middagsbordet. Det var særleg dei yngste forbrukarane som hadde låge matlagingsferdigheiter for fisk og sjømat og som var meir usikre på å lage fiskeretter utan oppskrift.

Forskarane fann også at menn var mykje meir utrygge enn kvinner på å bruke skriftlege og visuelle oppskrifter. Forskarane meiner difor tilgjengelegheita av gode oppskrifter på sjømat er viktig, og at det trengst meir kunnskap om korleis oppskrifter bør vere forma ut – eksempelvis om dei bør vere skriftlege eller visuelle.

(©NPK)


Les også: Jonas (16) og Mathea (18) har sommarjobb som fiskarar

Jonas Hitsøy (16) fiskar leppefisk gjennom Ungdomsfiskeordninga. Han får hjelp av Tobias Dåvøy Skår.