Transmenn melder seg på Miss Italia i protest mot «kvinner frå fødsel»-regel

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

I sommar vart ei transkvinne for første gong kåra til Miss Nederland, då Rikkie Valerie Kollé (22) tok krona heim.

Det fekk Patrizia Mirigliani (65) i den italienske misseorganisasjonen til å reagere. Ho meiner det er absurd at transkvinner får delta i skjønnheitskonkurransen, og ho slo fast at Miss Italia aldri kjem til å bli med på den «glitrande trenden med transaktivisme».

Mirigliani sa til Radio Cusano at berre «kvinner frå fødsel» vil få delta i Miss Italia.

Kva med transmenn?

Utsegna frå Mirigliani har fått fleire italienske transmenn til å protestere ved å sjølv melde seg på konkurransen.

Ein av dei, transaktivist Federico Barbarossa, fortalde til avisa La Repubblica at det var eit spontant innfall.

– Eg vart tildelt kvinneleg kjønn ved fødsel, men eg har alltid følt meg som ein gut, sa han.

 

Sjå dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Mixed lgbtqia+ (@mixed.lgbtqia)

– Vi håpar at mange andre «kvinner ved fødsel» registrerer seg en masse til konkurransen for å gjere narr av desse utdaterte haldningane, sa Barbarossa.

– Dei vil avvise meg fordi eg er ein gut og eg ser ut som ein gut. Men om ei transkvinne registrerer seg, vert ho avvist fordi ho ikkje vert rekna som ei kvinne. Kva er poenget då? la han til.

Brukte dødnamnet

Ein annan transmann, Elia Bonci, fortel til den same avisa at han tok mot til seg, brukte dødnamnet sitt, altså namnet han hadde før han kom ut, og registrerte seg til konkurransen.

– Å kjempe mot transfobi er interseksjonelt, og sjølv om eg ikkje er ei transkvinne, bestemte eg meg for å kjempe for rettane deira, sa han.

Bonci meiner «kvinne frå fødsel»-kommentaren er uklar, og at resultatet vert at transmenn må ha høve til å melde seg på.

Anti-LHBT-lovgjevnad

Saka følger etter at den italienske regjeringa tidlegare i år slo fast at byar som tillèt likekjønna foreldre, må endre praksis. Lesbiske mødrer har i sommar fortalt at dei har blitt fjerna frå fødselsattesten til borna sine.

Likekjønna par i Italia kan inngå sivilt partnarskap, men har ingen rett til ekteskap eller adopsjon, mellom anna grunna motstand frå den katolske kyrkja.

Den nyvalde italienske presidenten Giorgia Meloni har mellom anna bygd plattforma si på anti-LHBT-retorikk.

– Ja til den naturlege familien, nei til LHBT-lobbyar, uttala ho i fjor sommar.


Pride-parade i Thessaloniki. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg