Noreg blir rangert som eit av dei verste landa for «expats»

Noreg rasar nedover og kjem på nest sisteplass i ei undersøking blant utlendingar som bur og jobbar i eit anna land.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg er rangert som det nest verste landet å jobbe i, ifølgje ei undersøking blant 12.000 expats. Noreg hamnar på 52. plass av totalt 53 land.

Noreg kjem svært dårleg ut i rapporten frå InterNations , som for tiande år på rad har spurt nesten 12.000 expats over heile verda om korleis dei trivst i landet dei jobbar i, melder Finansavisen.

«Uvennleg» og dyrt

Noreg hamna på 52. plass av totalt 53 land – rett etter Kuwait. Expats som bur her i Noreg meiner Noreg er «uvennleg» og svært dyrt, og Noreg fall heile 18 plassar frå undersøkinga i 2022.

Ein «expat» er ein person som er busett i eit anna land enn det landa personen opphavleg kjem frå – som regel for å jobbe.

Nær to av tre rangerte levekostnadene i Noreg negativt, samanlikna med 35 prosent globalt. 37 prosent synest ikkje inntektene er høge nok til å leve eit komfortabelt liv.

Halvparten meiner det er vanskeleg å komme inn i kulturen i Noreg og slit med å få seg venner. Ein tredel beskriv nordmenn som uvennlege mot utlendingar. Men naturen får skryt med ein skår på 95 prosent, mot 84 prosent globalt.

Mexico på topp

På 51. plass, rett føre Noreg, hamnar Tyrkia, medan Sør-Korea ligg på 50.-plass.

Mexico toppar lista som det beste landet, følgt av Spania og Panama på tredjeplass.

Topp ti lista for «expats»:

  1. Mexico
  2. Spania
  3. Panama
  4. Malaysia
  5. Taiwan
  6. Thailand
  7. Costa Rica
  8. Filippinene
  9. Bahrain
  10. Portugal
    Kjelde: InterNations