Hundrevis av trussamfunn kan miste statsstøtte

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Regjeringa har sendt ut høyringsforslag om endringar i trussamfunnslova, der ein mellom anna foreslår å auke minstegrensa for talet på medlemmer eit trussamfunn må ha for å få statsstøtte. I dag ligg grensa på 50 medlemmer, noko som vart innført i 2021. Tidlegare fanst det ikkje krav.

Regjeringa foreslår likevel å heve minimumskravet. Dei kjem med tre alternativ: 100, 300, eller 500 medlemmer. Formålet er å sørgje for at det blir få nok trussamfunn til at det er mogleg å føre tilstrekkeleg tilsyn.

I dag er det 740 registrerte trus- og livssynssamfunn i Noreg. Av desse har 727 grupper 50 medlemmer eller fleire i 2023.

Dersom ein aukar kravet til 100 medlemmer, fell likevel talet til 548, Det skriv Vårt Land. 276 norske trussamfunn har 300 medlemmer eller fleire. Og dersom ein aukar kravet til 500 medlemmer, vil det vere 188 trussamfunn som fell innanfor.


Hannah Howard. Foto: Ingvild Eide Leirfall. Fredrik M. Stulen. Foto: Privat