Sure sokkar er favorittlukta til mygg

Forsking viser at det kan vere lurt å skifte sokkane for å unngå myggstikk.

Synne Ulltang
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior.

Kvifor får nokon fleire myggstikk enn andre? Det har forskarar i Zambia prøvd å finne ut.

Ung.forskning.no skriv om forskingsprosjektet som blir kalla «verdas største parfymefabrikk» for mygg.

For å få svaret på kvifor myggen stikk nokon menneske meir enn andre inviterte forskarane personar til å sove i telt. Kvart telt hadde eit røyr som gjekk inn i ein bygning. I denne bygningen slapp forskarane ut 200 malariamygg. Deretter talde dei kor mange mygg som sette seg i nærleiken av dei ulike røyra.

Ut frå røyra kunne myggen lukte kva menneske dei likte best og ønskte å stikke. Røyra var heldigvis stengde slik at myggen ikkje kunne flyge inn. Slik slapp forsøkspersonane å få myggstikk.

Forskingsprosjektet viser at favorittlukta til mygg er karboksylsyre. Det er det same som lukta av sure sokkar. Lukta myggen likte minst, var eukalyptol. Det er det same som lukta av urta salvie.

Du kan sjå ein video av «parfymefabrikken» på svt.se.


Ein svensk studie finn at kyr kan sjå i mørkna. Forskar Sofia Lindkvist konkluderte med at dei såg like godt i bekmørke som i dagslys. Illustrasjonsfoto: Daniel Quiceno M/Unsplash.com