Stoppa etter å ha drepe 10 000 haiar

I Brasil fann miljøstyresmakta 28,7 tonn ulovleg fiska haifinnar.

Synne Ulltang
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Framtida Junior, søsteravisa til Framtida.no.

Den brasilianske miljøstyresmakta Ibama stoppa to selskap som prøvde å sende haifinnar ut av landet, skriv BBC. Ibama rekna ut at for å få 28,7 tonn haifinnar, er om lag 10 000 blåhaiar og makrellhaiar drepne. Ifølge BBC trur Ibama dette er det største antalet ulovleg fiska haifinnar som er funne i verda.

Boksane med haifinnane var på veg til Asia, der dei blir brukte i suppe.

Det er ulovleg å fiske etter hai i Brasil, og fleire haiartar er truga av utrydding. Dei to selskapa som eigde boksane med haifinnar, fekk bot for den ulovlege fangsten.