Lanseringsturné for kontroversiell sportsdrikk i Noreg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Lanseringa vil finn stad på Bryggetorget på Aker bryggje klokka 16 tysdag ettermiddag, skriv VG.

I mai vart det kjent at Mattilsynet meinte at sal av Prime Hydration og Prime Energy bryt med norsk regelverk. Grunngivinga var at produkta inneheldt for høge nivå av enkelte stoff, og at dei ikkje var merkte korrekt.

Prime Hydration er no teke inn i varesortimentet av Norgesgruppen og Coop, melde TV 2 i starten av juni. Produsenten, amerikanske Congo Brands, har laga ein ny versjon som skal passe det norske lovverket.

– Det var A-vitamin som var utfordringa, og dette er endra i utgåva som no skal ut på den europeiske marknaden. Dei variantane vi får inn, har ikkje koffein og har heller ikkje hatt det, uttalte kommunikasjonssjef Kine Søyland i Norgesgruppen til TV 2.


Bilete av Oscars trippel sjoko bolle

Influensar Oskar Westerlin sin bolle har gått viralt i sosiale medium, spesielt blant unge. Forbrukertilsynet seier marknadsføringa av bollane har vore ulovleg. Foto: Forbrukertilsynet