Prinsesse Ingrid Alexandra har fått jobb

Prinsesse Ingrid Alexandra skal jobbe som skuleassistent til hausten.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå hausten skal Høgvyrde prinsesse Ingrid Alexandra jobbe som skuleassistent og miljøarbeidar på Uranienborg skule. I 2024 skal ho avtene førstegongsteneste.

Førstegongstenesta skal avtenast ved Ingeniørbataljonen i Brigade Nord, opplyser Kongehuset.

Prinsesse Ingrid Alexandra dreg i januar til Skjold leir i Indre Troms, heimebase for 2. bataljon og Ingeniørbataljonen. Etter rekruttperioden får prinsessa tildelt ei tenestestilling og gjennomfører ein fagperiode med meir spesifikk utdanning etterfølgd av ein avdelingsperiode med trening og øving, skriv dei i ei pressemelding.


Kollasj av Framtida.no. Bakgrunn: Ida Bjørvik / Det kongelige hoff / NTB. Innfelt: . Foto: Handout / Slottet / NTB. Krone: Colourbox